Foto av fylkesordførarkjeda for Sogn og Fjordane

Søkjer designar for nytt fylkesordførarkjede

Hordaland og Sogn og Fjordane inviterer profesjonelle kunsthandverkarar eller designarar for utforming av nytt fylkesordførarkjede og møteklubber til Vestland fylkeskommune.

Det skal vere ei open prekvalifisering, der profesjonelle kunstnarar kan vere med. I første omgang skal dei melde si interesse, ved å skrive nokre ord og og sende inn CV-en sin. Dei skal ikkje sende inn designforslag i denne omgang. I tillegg til ordførarkjede, skal den som får oppdraget, òg lage design for møteklubbene til det nye fylket.

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunsr har rikt utsmykka og symboltunge fylkesordførarkjeder i dag. Det er viktig å få fram kva det nye kjedet skal symbolisere for den nye fylkeskommunen. Det skal vere eit smykke som representerer Vestland fylkeskommune på ein god måte.

Sjå heile utlysinga på vlfk.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut