Søk om støtte til kulturkort for ungdom

Alle som arrangerer kulturtilbod for ungdom mellom 16 og 20 år, kan no søkje om støtte til rabatterte billettar for denne aldersgruppa. Søknadsfristen er 1. september.

Kulturkortet skal gje ungdom i fylket billigare tilgang til kulturarrangement som er populære blant ungdom. I tillegg skal ordninga gjennom tilskot til arrangørar, inspirere til å etablere nye kulturtilbod for målgruppa.

Døme på arrangement som kan søkje om støtte er teater, festivalar, konsertar, opera og idrettsarrangement. Eigentrening, medlemsskap og kino er ikkje omfatta av ordninga.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har løyvd ein million kroner til kulturkort for ungdom i 2012, og 664 500 kroner skal fordelast no i haust. Det er ei tildeling om våren og ei om hausten.

Retningsliner, søknadsskjema og meir informasjon

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00