Bilete frå markering av kvinnestemmerettsjubileum med utstilling, musikk og underhaldning, inne og ute på Sunnfjord Museum.
Bilete frå markering av kvinnestemmerettsjubileum med utstilling, musikk og underhaldning, inne og ute på Sunnfjord Museum.

Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søk driftsstøtte til kunst, kultur og idrett i Vestland

Aktørar innan kunst-, kultur-, frilufts- og idrettsfeltet kan no søkje driftstilskot for 2020 frå Vestland fylkeskommune. Søknadsfristen er 1. april 2019. 

Frå 1. januar 2020 vert Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune slått saman til Vestland fylkeskommune. Kulturinstitusjonar og fylkesdekkande organisasjonar som tidlegare har søkt driftsstøtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, skal no søkje til Vestland fylkeskommune om driftstilskot for 2020. 

Aktørar frå både det frivillige og profesjonelle kultur- og idrettsfeltet med hovudaktivitet i Vestland fylkeskommune kan søke. Verksemda skal  

  • vere ideell (ikkje-kommersiell)
  • ha sterk regional verdi, det vil seie verdi for heile eller større deler av fylket 

Søkjarane må nytte eit elektronisk søknadsskjema: Driftsstønad til kunst, kultur og idrett.   

Vi gjer merksam på at søknadsfrist for drift og prosjekt i 2019 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune har søknadsfrist 1. mars 2019. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00