Lars Hustveit ved paneldebatten
Lars Hustveit ved paneldebatten

Fagkoordinator Lars Hustveit orienterte i workshop i EU-parlamentet i Brussel om korleis vi jobbar med innovasjonsnettverk i distrikta.

Smarte bygder i Sogn og Fjordane tema i EU

Fagkoordinator Lars Hustveit orienterte i workshop i EU-parlamentet i Brussel om korleis vi jobbar med innovasjonsnettverk i distrikta.

Politikk for smarte bygder er på dagsorden i Europa. Fylkeskommunen deltek med råd. Hustveit var invitert som innleiar og som deltakar i paneldebatt 21. februar.

– Endringar for bygdene kjem som resultat av miljøendringar, og fordi arbeidslivet og teknologien endrar seg raskt. Det er bakgrunnen for fornyingsarbeidet kalla smarte bygder, fortel Hustveit.

Nordfjordeid som døme

EU-parlamentet var interessert i å høyre om nye løysingar med bakgrunn i arbeidet Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort med  innovasjons-nettverk i distriktssamfunn. Oppgåva var å få til diskusjon om fornyingsarbeid, mobilisering og organisering av samarbeid. 

– Eg valde å bruke fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid som døme Arbeidet illustrerer godt kor viktig organisering er. Mange aktørar, både forbrukarar og leverandørar av infrastruktur, måtte ta avgjerder samstundes for å få arbeidet i gang. Kommunen si rolle som koordinator var derfor avgjerande viktig. Men også entusiastane som bidrog til mobilisering og tilgang til topp ekspertise, var avgjerande. Nordfjordeid er også eit døme på at ei bygd kan vere eit laboratorium for å demonstrere nye løysingar, seier Hustveit.

Treng innsikt og fantasi

I workshopen var det ei økt om digitalisering, og ei økt om korleis ei bygd kan gjennomføre endringar for å bli ei såkalla smart bygd.

– Vi treng mengder av innsikt og fantasi for å møte framtida, sa Hustveit.

Han råda Kommisjonen til å leggje til rette for at bygder kan lære av kvarandre på tvers av landegrenser. Dessutan må lokalt utviklingsarbeid kunne få støtte utanfrå ved at det er tilgjengelege utviklingsmidlar. Slik kan topp teknologiekspertise trekkast inn. 

Med i rådgjevargruppe

Lars Hustveit deltek i arbeidet i ei rådgjevargruppe gjennom pilotprosjektet Smart Eco-Sosial Villages. Prosjektet er eitt av 16 tiltak i EU-kommisjonen si satsing på smarte bygder

– Noreg er ikkje formelt med i arbeidet så langt. Kanskje vert smarte bygder tema i regjeringa si regionalmelding som no er under arbeid? seier Hustveit.

Les meir

Kortversjon av rapporten som låg til grunn for workshopen
Lesarinnlegg i Bergens Tidende 3. februar, Lars Hustveit

For meir informasjon

Lars Hustveit
fagkoordinator
lars.hustveit@sfj.no
415 30 972

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut