Vassrøyr og demning fra det gamle kraftverket og ei gammal kvenn.
Vassrøyr og demning fra det gamle kraftverket og ei gammal kvenn.

Foto: Kristoffer Rye

Slik vil fylkestinget fordele SFE-verdiane

Fylkestinget ønskjer å overføre mange av fylkeskommunen sine kraftaksjar til kommunane i Sogn og Fjordane. Onsdag vedtok politikarane ein modell for korleis aksjane skal fordelast.

Modellen inneber at 65 prosent av aksjane blir fordelte til kommunane etter folketal, medan 35 prosent blir fordelte likt mellom kommunane.

– Eg er glad for at fylkestinget no har landa denne saka, slik at vi kan sikre at verdiane som er skapte i fylket over mange generasjonar skal bli verande i dagens Sogn og Fjordane også i framtida. Eg vil gi ros til politikarane som har vore konstruktive og stått samla i saka, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Dette handlar saka om

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag om lag halvparten av aksjane i Sogn og Fjordane energi AS (SFE) gjennom holdingselskapet Sogn og Fjordane Holding AS.

Fylkestinget har til hensikt å overføre 80 prosent av desse aksjane til dei kommunane i dagens Sogn og Fjordane som vil vere ein del av Vestland fylke frå 1. januar 2020.

Fylkestinget har vedteke at fordelinga til kommunane skal skje etter følgjande nøkkel:

·       65 prosent av aksjane vert fordelte etter kommunane sitt folketal per 1. januar 2019.

·       35 prosent vert fordelte likt mellom kommunane.

Aksjane blir overførte som såkalla B-aksjar. Det sikrar kommunane utbyte, men A-aksjane – som blir med over i Vestland fylkeskommune – vil ha fleirtal i generalforsamlinga i holdingselskapet. B-aksjane vil ha ei fredingstid på 10 år, slik at kommunane ikkje kan avhende dei før 31. desember 2029.

Det er enno ikkje endeleg avklart at aksjane faktisk vert overførte til kommunane. Det føreset

·       ei rettskraftig dom om at overføringa ikkje utløyser forkjøpsrett for andre eigarar i SFE

·       at styret i SFE gjev samtykke til overføringa til kommunane

·       at kommunane får konsesjon frå Olje- og energidepartementet til å eige

·       at aksjeoverføringa ikkje får negative konsesjonsrettslege konsekvensar for SFE eller selskapet sine dotterselskap.

Fordeling av aksjar til kommunane

·       Nye Sunnfjord - 15,0 %

·       Nye Kinn - 10,8 %

·       Nye Sogndal - 9,0 %

·       Nye Stad - 6,5 %

·       Stryn - 4,6 %

·       Gloppen - 3,9 %

·       Årdal - 3,6 %

·       Luster - 3,6 %

·       Høyanger - 3,1 %

·       Bremanger - 2,9 %

·       Askvoll - 2,6 %

·       Fjaler - 2,4 %

·       Vik - 2,4 %

·       Gulen - 2,2 %

·       Lærdal - 2,1 %

·       Aurland - 2,0 %

·       Hyllestad - 1,8 %

·       Solund - 1,5 %

Sjå meir informasjon i saksdokumenta til møtet i fylkestinget.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut