Foto teke frå hengedekket frå ei ferje som er på veg over Nordfjorden ein solskinsdag.
Foto teke frå hengedekket frå ei ferje som er på veg over Nordfjorden ein solskinsdag.

Slik kan fylkeskommunane forvalte ferjedrifta betre

Møreforsking peiker på seks rammevilkår som kan gjere fylka betre i stand til å handtere kostnadsutviklinga i ferjedrifta, samstundes som dei tek del i det grøne skiftet.

Vestlandsrådet bestilte rapporten frå Møreforsking i fjor. Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde då leiinga i rådet og har stått i bresjen som oppdragsgjevar overfor Møreforsking.

Målet var å vurdere om fylkeskommunane har gode nok rammevilkår for drift og fornying av fylkesvegferjeflåten og ferjekaianlegga.

Treng meir pengar i åra som kjem

Konklusjonen frå Møreforsking er at overføringane frå staten har vore gode nok frå 2010 og fram til i dag om vi ser dei fire fylkeskommunane på Vestlandet under eitt. Biletet er også nyansert ned på fylkesnivå i rapporten. Når det gjeld tida som kjem, ser Møreforsking at fylkeskommunane vil få større kostnadar enn kva dei kan vente å få overført frå staten.

Stortinget må ta høgde for kostnadsveksten innan ferjesektoren når det løyver midlar til fylkeskommunane. Her må mellom anna nye miljøkrav, HMT-krav, krav til infrastrukturtiltak og krav til universell utforming fangast opp. Det er blant anna vesentleg at fylkeskommunane får ei ramme som gjer dei i stand til å vere med på overgangen til meir miljøvenleg teknologi. 

Det er ikkje nok at ramma berre tek høgde for ordinære endringar knytte til drivstoffprisar og mannskapskostnadar.

Føreslår seks tiltak

Møreforsking peiker på seks tiltak som kan betre rammevilkåra og setje fylkeskommunane i stand til å forvalte fylkesvegferjedrifta betre:

  1. Fylkeskommunane sin innkjøpskompetanse og samarbeid.
  2. Spesielle vurderingar ved gjennomgang av dagens inntektssystem. Dersom statlege styresmakter ønskjer og støttar eit grønt skifte, kan støtteordningar per samband vurderast etter gitte kriterium.
  3. Ein gjennomgang av modellen som bereknar overføringar til drift/vedlikehald av fylkesvegferjekaiar.
  4. Spesielle vurderingar ved gjennomgang av dagens inntektssystem. Dersom statlege styresmakter ønskjer og støttar eit grønt skifte, kan ei eingongsstøtte per samband vurderast etter gitte kriterium.
  5. Miljøkrav i nye anbod, som bør stillast på ein slik måte at fylkeskommunane kan hente ut ENOVA-støtte til tiltaka.
  6. Fylkeskommunane bør utforme konkurransar, både formuleringar og tidsperspektiv, slik at tilbydarar har moglegheit til å nytte seg av dei støtteordningane som eksisterer.

Les heile rapporten frå Møreforsking

Rammevilkår for fylkesvegferjedrifta. Generelle utfordringar og situasjonen for Vestlandsfylkene.

For meir informasjon

Ole Inge Gjerald
seniorrådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
ole.inge.gjerald@sfj.no
408 57 025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no