Skulestart 18. august for elevar ved Hafstad vgs trass streik

42 lærarar er tatt ut i streik ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Elevane skal møte til registrering og informasjon måndag 18. august som planlagt.

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk onsdag 6. august melding frå Utdanningsforbundet om plassfråtreding ved Hafstad vidaregåande skule for 42 arbeidstakarar frå måndag 11. august. Seinare forhandlingar mellom Utdanningsforbundet og KS har ikkje ført fram.
Lærarane som ikkje er i streik vil undervise etter timeplan frå tysdag 19. august.

Elevane skal måndag møte i kantina ved Hafstad vgs til desse tidene:

Kl 1000: Vg1
Kl 1100: Vg2
Kl 1200: Vg3

Her vil det bli gitt informasjon om dagen og tida framover.

Klassetimeplanar og oversikt over lærarar som vil undervise etter timeplanen frå tysdag:

Timeplanar Vg1

Timeplanar Vg2

Timeplanar Vg3

Sjå heimesida til Hafstad vgs for løpande informasjon.

For meir informasjon, kontakt:

Grethe Karin Øren, rektor
Hafstad vidaregåande skule, Førde
Grethe.karin.oren@sfj.no
Tlf: 922 58 668

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør, opplæringsavdelinga
Bekka.Skaasheim@sfj.no
tlf: +47 57656210 | mob: +47 41530956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00