Skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring

Hovudutvalet for opplæring oppmodar kommunane til å søke midlar.

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester (helse- og omsorgstenestelova) fastslår at kommunane skal tilby helsestasjons- og skulehelseteneste til barn og ungdom mellom 0-20 år, og såleis bidra til å legge til rette for godt psykososialt og fysisk arbeidsmiljø i skulen.

Dei siste to åra har det på statsbudsjettet vore løyvd meir pengar til helsestasjons- og skulehelseteneste gjennom dei frie midlane. I tillegg har Helsedirektoratet i år lyst ut midlar til styrking av skulehelsetenesta på vidaregåande skular.

Hovudutval for opplæring meiner at helsestasjons- og skulehelsetenesta er eit godt verkemiddel til å arbeide for best mogeleg livskvalitet for den enkelte, og vedtok på møte 25. november ei sterk oppmoding til kommunane til å søke på desse midlane og understreka samtidig kor viktig det er at eventuelle midlar blir brukte slik dei er meint, nemleg til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00