Gut i fotballtrøye på fotballbane med skule i bakgrunnen.
Gut i fotballtrøye på fotballbane med skule i bakgrunnen.

Fotograf: Hanne Stedje

Skule+fotball=sant

Hanne Stedje stakk av med sigeren i fotokonkurransen #skulenmin. Vinnarbiletet er frå Tangen skule i Årdal. 

Samarbeidsprosjekt

Denne veka kåra vi vinnaren av ein fotokonkurranse med tema «skule». Bileta vi har fått inn illustrerer godt kva rolle skulen spelar i liva våre. 

Prosjektet «Skulen min» har som mål å kartlegge og formidle skulehistoria i Sogn og Fjordane, samt å  presentere ulike historiske kjelder digitalt. Fylkesarkivet og fylkeskommunen står bak prosjektet, og vi samarbeider mellom anna med sogelag og historielag rundt om i kommunane.

Fylkesarkivet jobbar med å ordne og gjere digitalt tilgjengeleg historiske arkiv frå skular og skulekrinsar frå heile fylket. Fylkeskommunen jobbar mellom anna med å få på plass dei tekniske løysingane som gjer at vi kan hente ut dei ulike kjeldene i ein felles portal. I tillegg forsøker vi å legge best mogeleg til rette for at kven som helst skal kunne bidra med å skrive inn tekst eller laste opp bilete. Vi har til dømes laga til informasjonssider for alle kommunar og skulekrinsar på lokalhistoriewiki.no, og her kan alle kan vere med å bidra med meir innhald. Alle desse små fragmenta er med på å fylle ut skulehistoria vår.

Skulen før og no

«Skulen min» er først og fremst eit historisk prosjekt, men vi ser at engasjementet knytt til skulen står like sterkt i dag som det gjorde for 50 eller 100 år sidan. Vi ser også at tema, kjensler, utfordringar og minner knytt til skulen og skuletida går igjen år etter år. I protokollane frå slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet finn vi diskusjonar om skuleveg, skulenedlegging, rekruttering av lærarar og sosiale arrangement knytt til skulehuset. Dei same tema kan vi lese om i lokalavisene i dag.

Historia bak eit bilete

Vi lyste ut ein fotokonkurranse med tema «skule» for å promotere prosjektet vårt, for å skape engasjement rundt dette tema, og for å vise korleis skulen er ein viktig del av liva våre. Vinnarbiletet viser dette på ein veldig fin måte. Biletet Hanne Stedje har teke frå Tangen skule er eit godt komponert bilete, der hovudmotivet er i forgrunnen, plassert i ein fin tematisk kontekst, og det naturlege lyset er brukt på ein veldig fin måte. I tillegg til dette fortel biletet ei historie.

I fotokonkurransen la vi stor vekt på at biletteksten også var ein del av konkurransen. Dette var nettopp for å få fram dei gode tankane og minna knytt til skulen. Biletteksten på vinnarbiletet er: «Det beste i livet: Når livet for det meste handlar som skule og fotball, er det fint at alt er på same plass.» Skulen er ein arena for læring, men har også alltid vore ein viktig sosial arena. Skulehuset og skuleplassen er stader der ungane leikar og driv med ulike fritidsaktivitetar. Skulen er ein stor og viktig del av livet og oppveksten.

Døme på andre bilete i konkurransen er bilete frå ein klassetur, bilete frå skulevegen, bilete frå ein juletrefest i eit gamalt skulehus, og bilete av gamle og eksisterande skular. Alle desse bileta vert med vidare i prosjektet.

Bilete av jente med nisselue med vinterlandskap og skulehus i bakgrunnen.
Stryn ungdomsskule i vinterdrakt. Foto: Mina Flo Håvik (cc by-sa)
Gut med skulesekk helsar på rektor på skuleplassen.
Første skuledag på Tangen skule. Foto: Hanne Stedje (cc by-sa)
Bilete av kvitt skulehus med fjord og fjell i bakgrunnen.
Gamle Frammarsvika skule. Foto @frammarsvika (cc by-sa)
Mann på huske.
Han lyt gå i god skule, han som god rektor skal bli. Foto: Hanne Stedje
Tre gamle bøker.
Frå Bernhard Rutledals barneboksamling. Foto: Siri Iversen
kvit bygning
Firda vidaregåande skule. Foto: Nora Haus

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00