Skipar nytt aksjeselskap

Fylkestinget vedtok 6. april å skipe eit nytt aksjeselskap og overføre fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til dette selskapet. Dette vert gjort for å skape ein beredskap i høve til om Møre og Romsdal fylkeskommune bestemmer seg for om dei vil selje aksjane sine i Fjord1 eller ikkje.

Fylkeskommunen går inn i selskapet med ein aksjekapital på 250 000 kroner, og selskapet skal vere heileigd av fylkeskommunen.

Fylkestinget valde fylkesordføraren som utsending på generalforsamlinga, og styret i selskapet vert sett saman av fylkesordførar Nils R. Sandal, fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes og leiar i hovudutval for plan og næring, Kjartan Longva.

Skipinga av selskapet vart vedteken mot fire røyster.

Flickr-kontoen til Sogn og Fjordane fylkeskommune er det lagt ut bilete frå tingseta. Desse kan nyttast fritt mot kreditering.

Del dette:

Relaterte lenker