Skiltinga i Storehagen Atrium vekkjer internasjonal oppsikt

Skiltinga i Storehagen Atrium har fått dekning i både norske og utanlandske medium siste tida, grunna den fargerike skiltinga inne i bygningen.

Skiltinga i bygninga der mellom anna deler av Sogn og Fjordane fylkeskommune held til, nyttar ein T-baneanalogi. Utforminga på skilta har store likskapar med måten dei ulike rutene i eit T-banenettverk er gjort. I Noreg har dette mellom blitt omtala i designseksjonen til Dagbladet i sundagsnummeret den 7. november. I bygnigna har kvar etasje har sin eigen farge, og etasjen til fylkeskommunen er merka med oransje.

Nyleg fekk òg skiltinga merksemd i det utanlandske designmagasinet Fast Company’s Co. Design, eit magasin med 4 millionar treff per månad som i tillegg kjem i trykt utgåve. Fast Company’s Co. Design skryt over fargemerkinga som oppfyller krav til universell utforming, ved at fargane er distinkte nok til at fargeblinde skal kunne sjå forskjell mellom dei.

Det er Ralston & Bau som står bak utforminga av skilta. Dei er ein del av Transplant / Design Centre, ein kreativ møteplass med sete i Dale i Sunnfjord. På nettsidene til Transplant kan du sjå fleire bilete av utforminga.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00