Skatestraumtunnelen har vore stengd sidan brannen i ein vogntoghengar 15. juli. No opnar han for kolonnekøyring. Foto: Sveinung Hovland, Statens vegvesen
Skatestraumtunnelen har vore stengd sidan brannen i ein vogntoghengar 15. juli. No opnar han for kolonnekøyring. Foto: Sveinung Hovland, Statens vegvesen

Skatestraumtunnelen har vore stengd sidan brannen i ein vogntoghengar 15. juli. No opnar han for kolonnekøyring. (Foto: Sveinung Hovland, Statens vegvesen)

Skatestraumtunnelen – kolonnetider

Kolonnetidene i 616 Skatestraumstunnelen på fv. 616 er no klare. Dei ti avgangane i døgnet skal gjere kvardagen lettare for innbyggjarane i Bremanger etter tunnelbrannen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Statens vegvesen og Bremanger kommune har utarbeida kolonnetidene saman.

– Vi har prøvd å tilpasse oss lokale behov, spesielt dei som har dette som pendlarveg. Med ti kolonnar om dagen trur vi at vi har kome dei fleste behov i møte, seier seksjonssjef Margot Åsebø i vegvesenet.

Kolonnekøyringa vert avvikla med ledebil.

Ferja som vart sett inn på sambandet Kjelkenes–Smørhamn etter tunnelbrannen vert fjerna når kolonnekøyringa startar opp måndag 7. september.

Laurdag og søndag startar kolonna kl. 08.00/08.05

Frå Hamnen Frå Klubben
06.00 06.05
07.15 07.20
08.00 08.05
09.10 09.15
11.00 11.05
13.45 13.50
15.30 15.35
17.00 17.05
19.30 19.35
22.00 22.05

Kontaktperson i Statens vegvesen

Margot Åsebø, seksjonssjef Fjordane
tlf.: 57 88 99 10
951 91 902

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no