Skal representere fylket i NM

Tre ungdomsbedrifter reiser til ungdomsbedrifts-NM i april etter å ha imponert på fylkesmessa.

Best av dei alle var Westtip Supplies UB, som held til på Eid vidaregåande skule.

Ungdomsbedrifta frå Eid har går teknikk og industriell produksjon og har laga ein silkasse som skal brukast innan fiskeoppdrett. Kassen kan spare opp til 40 minuttar kvar dag.

– Dette er ei bedrift som i starten var innom litt ymse produkt, men etter kvart gjekk fokuset over på eit spanande og innovativt produkt, skreiv juryen i grunngjevinga.

Juryen var imponert over bedrifta si evne til å selje og kommunisere og merka tydeleg at dei fire ungdomane i Westtip Supplies UB var stolte over produktet og arbeidet som var lagt ned.

– Vi trur denne ideen har eit stort potensiale i ein av verdas viktigaste næringar innan matproduksjon, avslutta juryen.

Beste sosiale entreprenørskapsprosjekt til Florø

Prisen for beste sosiale entreprenørskapsprosjekt gjekk til Prosjekt Malawi UB frå Flora vidaregåande skule.

– Prosjekt Malawi UN ynskjer å løyse eit klart definert sosialt problem og har jobba målretta mot dette over fleire år, skriv juryen i grunngjevinga.

Vinnarane har òg fått nasjonal merksemd for prosjektet sitt og har skapt stor begeistring for arbeidet, både på skulen og i lokalsamfunnet.

– Vinnaren har over tid vidareutvikla ulike aktivitetar. Som følgje av dette har dei faktisk vore med på å etablere arbeidsplassar lokalt, skriv juryen om Prosjekt Malawi UB.

Alarm til helsepersonell

Den tredje ungdomsbedrifta som vann, som òg får delta i NM, er Safe Sound UB frå Årdal vidaregåande skule. Safe Sound UB har laga ein alarm som skal setjast på armen til helsepersonell eller vektarar. Alarmen lagar sirenelyd og lyser blått for å bidra til at helsepersonell kjem raskare fram i store folkemengder. Dei vann prisen for beste innovative produkt.

– Bedrifta har utvist stor gjennomføringsevne heilt frå idé til realisering. Med finansiering, strategiske samarbeidspartnarar og testkundar, ser vi svært lyst på framtida til bedrifta, seier juryen i si grunngjeving.

Dei meiner at funksjonaliteten til produktet kan vere med på å spare menneskeliv, og at bruksområdet er stort.

Pris vart det også til Torgeir Halvorsen, lærar ved Flora vgs. Han vann prisen for årets entreprenørskapslærar.

Juryen besto av Jan Heggheim i fylkeskommunen, Gunn Aase Moldestad i Sparebanken SFJ, Marit Gjerstad, i NHO SF og Jan Henrik Nygård, styreleiar i Ungt Entreprenørskap SFJ.

Del dette:

Relaterte lenker