Foto frå overrekking av lærlingmerke til Holen installasjon i Sogndal. Fylkesordføraren, ordføraren i Sogndal og to lærlingar er blant dei på biletet. Foto: Nelfo Sogn og Fjordane
Foto frå overrekking av lærlingmerke til Holen installasjon i Sogndal. Fylkesordføraren, ordføraren i Sogndal og to lærlingar er blant dei på biletet. Foto: Nelfo Sogn og Fjordane

Frå venstre ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, fylkesordførar Åshild Kjelsnes, lærling Håvard Høgi Nes, regionsjef Elin Viken i NELFO Sogn og Fjordane, lærling Espen Ølmheim Skarsbø, lærlingansvarleg hjå Holen Installasjon Geir Sveinung Alme. Foto: NELFO Sogn og Fjordane.

Skal merke alle lærebedrifter

Kunnskapsdepartementet har innført ei ny merkeordning for godkjende lærebedrifter. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes delte ut det første merket i Sogn og Fjordane 29. september.

Holen Installasjon i Sogn er ei av dei første bedriftene i fylket som får på plass den nye merkelappen. Fylkesordføraren delte ut merket i samarbeid med Opplæringskontoret for elektrofag (NELFO).

Synleggjering

Åshild Kjelsnes håpar den nye merkeordninga kan styrke heile lærlingordninga.

– Eg håpar merket kan vere med og synleggjere og framheve at akkurat denne bedrifta tek samfunnsansvar og er med og utdannar viktige fagarbeidarar, som fylket treng. Vi er heilt avhengige av næringslivet for at fagarbeidarane får fullføre opplæringa si, seier Kjelsnes.

Fylkeskommunen godkjenner lærebedriftene i Sogn og Fjordane, og har det overordna ansvaret for opplæringa som skjer i bedrift.

Vel ei lærlingbedrift

Sogn og Fjordane fylkeskommune er også ein viktig aktør på innkjøpssida her i fylket. I relevante innkjøp stiller fylkeskommunen krav om at leverandør er lærebedrift og skal kunne tilby lærlingplassar.

– Vi oppmodar også alle andre, offentleg sektor, bedrifter og privatpersonar, om å bruke bedrifter med lærlingar når ein vel leverandørar av ulike varer og tenester. Slik kan ein ta eit viktig samfunnsansvar, seier fylkesordførar Kjelsnes.

Målet med merkeordninga er å heve statusen for alle som tek yrkesfag, å få fleire bedrifter til å ta inn lærlingar og å gjere det lettare for forbrukarane å nytte lærebedrifter. Kvart år står mellom 6000 og 8000 ungdomar i kø for å for å få læreplass her i landet.

Les talen fylkesordføraren heldt ved overrekkinga av lærlingmerket.

lærlingmerket foto Nelfo.jpg

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00