Skadeførebyggande kurs for instruktørar i danseverkstadane i fylket!

Dansarar er ei utsett gruppe når det gjeld skader. Difor er det no utvikla eit skadeførebyggande program retta mot instruktørane i dei 14 danseverkstadane i fylket.

Kurset i skadeførebygging har både ein teoretisk og praktisk del, og skal gjennomførast i Førde 19. og 20. september 2009. Her skal dei unge instruktørane få kunnskap om korleis dei skal gå fram for å førebygge skader, og metodane vil bli integrert i den daglege drifta av danseverkstadane i kommunane.

Kurset er utvikla og vert gjennomført av firmaet "Dans utan grenser". Firmaet har det faglege ansvaret for Danseverkstadetablering Sogn og Fjordane, som er eit viktig satsingsområde i folkehelsearbeidet i fylket. Kurset har fått stor oppslutnad med påmelding frå alle dei 14 danseverkstadane.

Utviklinga av programmet og kostnader med kurset er finansiert av fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutfalding".

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette