Foto av ein liten, lyshåra gut, ca. 2-3 år, som sit på skuldrene til ein vaksen mann og held for augene hans.
Foto av ein liten, lyshåra gut, ca. 2-3 år, som sit på skuldrene til ein vaksen mann og held for augene hans.

Foto: pixabay.com

Sjumilsstegkonferansen 2018 – Klart vi kan

Sjumilsstegsarbeidet skal legge til rette for at barn og unge blir tekne vare på frå helsestasjon til fullført utdanning. Den årlege sjumilsstegskonferansen vert i år arrangert 14. og 15. mars i på Hotel Alexandra i Loen.

Grunnlaget for konferansen er at vi med hjelp av barnekonvensjonen kan vi legge til rette for betre tverrfagleg samhandling slik at barn og unge får eit best mogleg oppvekstmiljø og utdanningsløp.

Programmet i år er innhaldsrikt og lagt til rette for alle som jobbar med og for barn i kommunar, frivillige organisasjonar og offentlege etatar. Nokre smakebitar:

  • Barneombodet kjem for å snakke om barnekonvensjonen
  • Forandringsfabrikken deltek med fleire av sine proffar
  • Unicef vil tematisere press og stress hjå barn og unge
  • Voksne for barn er med for å dele korleis dei arbeider
  • I tillegg har vi mange gode innlegg frå praksisfeltet i eige fylke

Nytt av året er at det blir framsyning av dokumentarfilmen "Maher midt i dalen", Maher kjem sjølv til konferansen og vil seie noko om det nye livet sitt i Noreg.

Fylkeskommunen arrangerer konferansen saman med Fylkesmannen, Nav, Høgskulen på Vestlandet og ungdomspolitisk utval.

Meld deg på konferansen på denne lenka.

Konferansen er gratis, men deltakarane må sjølve betale for overnatting/dagpakke.

Prisar

Onsdag til torsdag

Deltakar i enkelt medium rom 1840 kr
Per deltakar i dobbelt medium rom 1750 kr

Ikkje-buande deltakarar

Dagmøtepakke onsdag 640 kr
Dagmøtepakke torsdag 570 kr
Middagsbuffé 570 kr

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00