z 7ex 6j 6h 44
z 7ex 6j 6h 44

Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sju millionar kroner til freda bygningar i fylket

Hovudutval for næring og kultur har fordelt over sju millionar kroner til ulike prosjekt for å setje i stand freda og fredingsverdige bygningar i Sogn og Fjordane. Sjå kva bygningar som får tilskot.

Den største enkelttildelinga gjekk til Hotel Mundal i Sogndal kommune, som fekk tildelt 2 500 000 kr til istandsetjing av tak og tak konstruksjon.

Bakgrunnen for tildelinga er at Riksantikvaren har løyvd Sogn og Fjordane fylkeskommune 7 500 000 kr frå statsbudsjettet til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap. Dette kjem i tillegg til førehandsløyvinga for 2018 på tre millonar kroner, som vart fordelt i hovudutvalet sitt møte i oktober 2017. Det samla tilskotet til freda kulturminne i fylket for i år er difor på 10 500 000 kr.

Fylkeskommunen har òg fått ei førehandsløyving på 3 000 000 kr for 2019. Førehandsløyvinga for 2019 og det resterande tilskotet for 2018 vil bli fordelt i eit seinare møte.

For meir informasjon om tildelinga, sjå saksdokument og protokoll frå møtet i hovudutval for næring og kultur 20. mars.

Tilskotet vart fordelt på følgjande prosjekt:

  • Parken, S. Kloumanns allé nr. 7: 50 000 kr
  • Hotel Mundal, Sogndal kommune: 2 500 000 kr
  • Fjøs i Bensentunet, Jølster kommune: 385 000 kr
  • Bispestova i Lavik, Høyanger kommune: 220 000 kr
  • Seltuftberget brakke, Aurland kommune: 300 000 kr
  • Heimdalstrand, Balestrand kommune: 575 000 kr
  • Lovisendal, Gulen kommune: 60 000 kr
  • Kaupanger hovedgård, drengestova og vedhuset, Sogndal kommune: 410 000 kr
  • Kaupanger hovedgård, Låven, Sogndal kommune: 6 000 kr
  • Flahammer, Luster kommune: 220 000 kr
  • Wittgensteinhuset, Luster kommune: 800 000 kr
  • Yris hotell, Eid kommune: 70 000 kr
  • Håkonstova på Otternes, Aurland kommune: 400 000 kr
  • Eilertstova på Otternes, Aurland kommune: 430 000 kr
  • Vonens hus, Fjaler kommune: 150 000 kr
  • Hovland, Sogndal kommune: 45 000 kr
  • Restaureringsleiar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00