Foto frå gruppearbeid under plansamlinga i Sogndal i oktober 2019.
Foto frå gruppearbeid under plansamlinga i Sogndal i oktober 2019.

Deltakarane på samlinga fekk høve til å diskutere plansaker og visjonar med plankollegaer, politikarar og andre frå heile fylket.

Siste plansamlinga i Sogn og Fjordane fylke

Om lag 140 planinteresserte deltakarar var denne veka samla i Sogndal for påfyll av kunnskap, inspirasjon og diskusjonar med kollegaer frå heile fylket.

Planfolk frå alle kommunane i fylket så nær som ein, var representerte på samlinga. Det var også folkevalde, konsulentar, frivillige organisasjonar, statlege etatar og planleggjarar frå kommunane. Far og dotter, Gunn Marit Kvåle og Inge Ronny Kvåle, opna det heile med nydeleg song.

Frå visjon til gjennomføring

Ein raud tråd gjennom samlinga var korleis ein kjem seg frå overordna langsiktige mål og strategiar for utvikling, til faktisk gjennomføring. Vidare kva rolle medverknad og samhandling har og bør ha i planprosessar for å få best mogleg resultat.

Utvikling av stadane i fylket vårt fekk også særskild merksemd på samlinga. Korleis lagar vi gode, trygge og attraktive stadar der folk vil bu, arbeide og leve liva sine? Deltakarane fekk presentert nokre døme på korleis dette er løyst rundt om i landet.

På kvelden på dag ein, etter at deltakarane hadde vore på synfaring på både Fjordstien og Campus i nydeleg haustvêr, var det underhaldning av Ottar Wiik og Jens Brekke. Spesielt den treffande «planbøna» fall i smak hjå samlinga.  

Samlinga vart sendt direkte på nett, og opptak frå dei to dagane er no tilgjengeleg:

Opptak frå dag ein (tysdag 29.10) av plansamlinga.

Opptak frå dag to (onsdag 30.10) av plansamlinga.


Oversiktsbilete av salen under plansamlinga i Sogndal i oktober 2019.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette