Signerte kontraktar om drift av lokale båtruter

Fylkesrådmann Jan Øhlckers signerte måndag 24. januar kontraktane med Fjord1 om drift av lokale båtruter i Lærdal/Vik/Høyanger og Gulen/Solund/Askvoll.

Kontraktane på dei lokale båtrutene gjeld frå 1. mai 2012 til 30. april 2020 med opsjon for forlenging i to år. Fylkesrådmann Jan Øhlckers møtte måndag 24. januar administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fjord1 Fylkesbaatane for kontraktsignering på Fylkeshuset i Leikanger.

– Det er kjekt å sjå at Fjord1 er konkurransedyktige, og eg er viss på at vi med nytt materiell får høg kvalitet på desse tenestene gjennom heile kontraktsperioden, seier Øhlckers.

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyste i fjor haust ut dei to anboda, der det eine gjeld lokale båtruter i Lærdal, Vik og Høyanger, og det andre gjeld for Gulen, Solund og Askvoll. Med lågast pris som tildelingskriterium, fekk Fjord1 kontrakten for begge rutepakkane.

Les òg:
Fjord1 innstilt som leverandør av lokale båtruter
 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no