Mann står på talarstol med presentasjon på lerretet bak seg og publikum foran seg.
Mann står på talarstol med presentasjon på lerretet bak seg og publikum foran seg.

Konsernsjef i SFE Johannes Rabouti på fylkestinget 15. juni. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

SFE og Fjord1 i fylkestinget

Etter fylkeskommunen sine rutinar for eigarstyring, har fylkestinget årlege møte med Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) og Fjord1 AS. 15. juni orienterte selskapa tingsetet om driftsåret 2015: hovudtrekk i årsmelding og årsrekneskap, og andre relevante saker.

SFE AS

Etter eit år der lågare kraftpris og svake resultatforventningar prega heile vasskraftbransjen, leverer Sogn og Fjordane Energi AS tilfredsstillande resultat i 2015, seier fylkesordførar Jenny Følling i eigarvurderinga. Overskotet etter skatt vart på 113 mill. kr mot 419 mill. kr året før.

Av utbyttet vil fylkeskommunen sin del bli 29 mill. kroner.

Det er kalla inn til generalforsamling i selskapet i 16. juni.

Eigarvurdering av SFE AS, Sogn og Fjordane fylkeskommune

SFE si orientering til fylkestinget 15. juni

Fjord1 AS

Fjord1 AS fekk eit årsresultat på 181,9 millionar kroner i 2015. Resultatet i 2014 var på 95 millionar kroner, dvs. ei resultatforbetring på 86,9 millionar kroner.

Ordinær generalforsamling vart halden 24. mai 2016. Generalforsamlinga vedtok å ikkje dele ut utbytte for 2015. Om transaksjonen med Torghatten ikkje vert godkjent, er det mogleg å gjennomføre ei ekstraordinær generalforsamling og endre på dette.

Eigarvurdering av Fjord1 AS, Sogn og Fjordane fylkeskommune PDF document ODT document

Fjord1 AS si orientering til fylkestinget 15. juni

Kontaktperson

Jenny Følling
fylkesordførar
479 05 990
jenny.folling@sfj.no 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut