www.sfj.no

qur 7p 8pezh

Birthe J Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Set opp kurs om meldeplikt for tannhelsetenesta

Fylkeskommunen vil sikre at tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar har oppdatert kunnskap om meldeplikta til barnevernet, og arrangerer no tre halvdagskurs om temaet.

NRK har nyleg publisert tal som viser at det har vore få bekymringsmeldingar til barnevernet frå tannhelsetenesta Sogn og Fjordane siste år samanlikna med andre fylke. Direktør for tannhelsetenesta Clara Øberg tar tala på alvor.

– Vi vil handle raskt, og set no i gang tiltak. Vi kan ikkje seie om det har vore ei underrapportering, men vil sikre oss at dei tilsette i tannhelsetenesta får friska opp kunnskapen om meldeplikta til barnevernet når det gjeld omsorgssvikt eller overgrep, seier Øberg.

Direktøren har difor teke initiativ til å setje opp halvdagskurs for alle tilsette i tannhelsetenesta i fylket.

– Vi skal ha tre kursdagar, ein i Nordfjord, ein i Sunnfjord og ein Sogn, utelukkande om meldeplikta. Vi har hatt gjennomgang av dette før, men det skal gjentakast no.

Alle tilsette i tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane vil få invitasjon til kursa. Informasjon om tid og stad kjem snarleg.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker