Set i gang stor ungdomsundersøking hausten 2011

Sogn og Fjordane fylkeskommune set til hausten i gang ei folkehelseundersøking blant 6. og 8. klassingar i fylket, og 17. juni var alle kommunane inviterte til eit informasjonsmøte på Skei. Eit mål med undersøkinga er å finne ut korleis helse, livsstil og levekår er blant skuleelevane, og sjå kva faktorar som bidreg til å skape og oppretthalde eventuelle helseskilnadar i fylket.

– Vi ønskjer å rette søkelyset mot barn og ungdom. Korleis er helse, livsstil og levekår blant skuleelevane i Sogn og Fjordane? Kva faktorar bidreg til å skape og oppretthalde eventuelle helseskilnadar i fylket? Og kva faktorar bidreg til å skape god helse – og bør dermed styrkast og vidareførast? seier Anne-Lene Norman, som er seniorrådgjevar for folkehelse i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

41 personar frå nesten alle kommunane i fylket deltok på informasjonsmøtet på Skei, og blant deltakarane var folkehelsekoordinatorar, leiande helsesystrer og skuleansvarlege. Responsen blant dei frammøtte var god, og no håpar Norman at alle kommunane i fylket vil delta i undersøkinga.

Vil følgje elevane over fleire år

– Det er viktig at flest mogleg av kommunane og elevane deltek i undersøkinga, slik at datagrunnlaget vert best mogleg. Undersøkinga vil i så fall vere til hjelp i arbeidet med folkehelsearbeidet i både fylkeskommunen og i kommunane, seier Norman.

Undersøkinga er eit spørjeskjema med 90 spørsmål. Same undersøkinga vert nytta i 43 land, og slik får ein eit godt samanlikningsgrunnlag. Skjemaet er utvikla av Verdas helseorganisasjon (WHO) og justert for å passe med norske tilhøve. Fylkeskommunen ønskjer å gjennomføre undersøkinga blant 6. og 8. klassingar i haust, og så følgje desse vidare med undersøkingar annakvart år fram til andre året av vidaregåande opplæring.

Samarbeidsprosjekt

– Ved å gjere det på denne måten, får vi eit utviklingsbilete versus eit augneblinksbilete. Dette er vesentleg for å kunne avdekke tilhøve som sikrar deltaking og meistring og tilhøve som er til hinder for dette, seier Norman.

Ansvarleg for undersøkinga er professor Eivind Meland ved HEMIL-senteret (Senter for forsking om helsefremmende arbeid, miljø og livsstil) og Institutt for Samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen. Hans Johan Breidablik vil leie utføringa av undersøkinga i Sogn og Fjordane. I tillegg til å vere fagdirektør i Helse Førde, arbeider han også med forsking knytt til nemnde problemstillingar.

Folkehelse ei viktig oppgåve

Å fremje folkehelse er ei viktig oppgåve for fylkeskommunen, og det betyr mellom anna å ha fokus på og rette innsats mot faktorar som trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve. Som grunnlag for folkehelsearbeidet i fylket, skal fylkeskommunen ha naudsynt oversikt over helsetilstanden og faktorar som kan verke inn på denne.

I fjor utvikla fylkeskommunen den nye databasen Fylkesspegelen, der det er lagt vekt på å framstille data på kommunenivå – så langt dette er råd. Når det gjeld data om helse og folkehelse, er mykje av dette henta frå Statistisk sentralbyrå og databasane til Statens helsetilsyn. Men det er ønskjeleg å få data som går meir i djupna og som viser regionale skilnadar, og ungdomsundersøkinga er ein del av dette arbeidet.

For meir informasjon, ta kontakt med

Anne-Lene Norman
Seniorrådgjevar folkehelse
Telefon: 415 30 378
E-post: anne-lene.norman@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette