Foto som syner ein laks på veg oppover ei kvitskummande elv. I bakgrunnen ser vi ei laksetrapp. Foto: Bjørn Nesheim, Wikimedia Commons
Foto som syner ein laks på veg oppover ei kvitskummande elv. I bakgrunnen ser vi ei laksetrapp. Foto: Bjørn Nesheim, Wikimedia Commons

Foto: Bjørn Nesheim, Wikimedia Commons

Seminar om kultivering av villaks

Fylkeskommunen vil leggje til rette for erfaringsutveksling mellom anlegga i fylket som driv med kultivering av villaks. Vi arrangerer difor seminar i Aurland 22. september.

Dei tolv anlegga som har konsesjon for kultivering av villaks i Sogn og Fjordane driv ulikt, og det er per i dag lite erfaringsutveksling mellom dei. Det har fylkeskommunen lenge ønskt å gjere noko med, og no inviterer vi alle som driv med, eller har interesse for, temaet til seminar/kurs/samling.

Seminaret vert i lokala til ECO Energi i Vassbygdi i Aurland 22. september kl. 10.00–15.30.

Målet er å bidra til at dei som driv med kultivering får ein arena der dei kan utveksle erfaringar, teknologi og arbeidsmetodar – og at dette igjen vil gi positive ringverknadar.

Mattilsynet, Fylkesmannen og pensjonert settefiskoppdrettar Ola Sveen er blant dei som bidreg med føredrag.

Sjå heile programmet her.

Meld deg på seminaret her.

Seminaret er gratis.

For meir informasjon

Elisabeth Aune
seniorrådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
elisabeth.aune@sfj.no
415 30 695

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00