Utsikt frå Sjøglytt

Utsikt frå hytta (Foto: Selje kommune)

Selje: Sjøglytt

Dagsturhytta i Selje ligg på Risnakken, rett ovanfor Selje sentrum. Hytta heiter Sjøglytt.

Tilkomst og parkering

Du kan parkere i Selje sentrum, ved skulen eller eventuelt ved Kyrkjevegen Næringsbygg. Kjem du padlane, kan du parkere Kajakken ved servicebygget/Seljesanden. Eventuelt med flytebrygga i småbåthamna.

Ankomst ved kollektivtransport:
Buss: Gå av ved busskuret ved Selje skule.
Båt: Gå frå kaia mot Seljesanden. Då ser du løypa rett fram.

Stien til hytta

Turen startar i Skogaveien ved doktorgården. Ein går ca. 100 meter på vegen i retning mot kyrkja. Då vil ein på høgre side av vegen sjå skilt og starten på trappa mot Risnakken. Det er bratt, men gode trappetrinn. Og ein kan ta seg god tid om ein vil. Løypa er lyssett og kan nyttast heile året. Frå Risnakken er det merka sti vidare mot Kvenshusdalen (der er fiskevatn) og vidare til høgaste toppen i Selje: Tarvaldseggja. Ein kan også ta det som ein liten rundtur. Det går sti frå Risnakken og  vidare bak mot Djupedalen. Denne stien blir snart oppgradert til ein turveg. Slik at endå fleir kjem seg opp til dagsturhytta og sett den fantastiske utsikta. På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde. Og ikkje minst ein fantastisk  utsikt mot Selje sentrum, sanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 135 meter. Turen opp tek 10 - 30 minutt avhengig av tempo.

Praktisk informasjon

Rett ved hytta er det fleire treningsapparat til fri bruk.

 

Følg med på Facebooksida til dagsturhytta i Selje.

 

 
 
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut