Foto som syner utbygging av breiband på Leikanger. Vi ser ein mann på ei lita gravemaskin og tre rullar med oransje kablar.
Foto som syner utbygging av breiband på Leikanger. Vi ser ein mann på ei lita gravemaskin og tre rullar med oransje kablar.

Foto: Olav Skarsbø

Satsing på breiband

Strategi for breiband i Sogn og Fjordane 2016-2020 vart vedteken på fylkestinget 19. april. Hovudmålet er tilgang på neste generasjon breiband for alle i fylket innan 2020.

Planen skal vere fylkeskommunen sitt strategidokument i samhandlinga med andre aktørar nasjonalt regionalt og lokalt. Strategien er fylkeskommunal, men avhengig av statleg støtte for å bli realisert. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til, eller ha prosjekt for å etablere neste generasjon breiband innan 2020.

Førre strategiplan for breiband i Sogn og Fjordane vart vedteken i fylkestinget i april 2012, er utdatert på fleire område i den nye digitale kvardagen, og fylkesutvalet vedtok i haust å starte arbeidet med revisjon.

Neste generasjon

I strategien er neste generasjon breiband som hovudregel definert som minimum 100 mbit/s.

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vere ein aktiv pådrivar, og arbeidet skal gjennomførast i tett samarbeid med kommunane, regionråda og leverandørane i fylket.

Nasjonalt samarbeid

Fylkeskommunen har teke initiativ til å etablere Nasjonalt breibandråd som eit samarbeid med andre fylkeskommunar og KS for å koordinere synspunkt frå alle fylke med tilsvarande behov. Sogn og Fjordane fylkeskommune ved direktør for næring og kultur er i dag leiar, og sekretariatsarbeidet vert utført av It-forum Sogn og Fjordane.

Saksframlegg og møteprotokoll for møtet i fylkestinget 19. april

Strategi for breiband i Sogn og Fjordane 2016-2020

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00