Føredrag

Samling i Sunnfjord

Digitalisering stod på agendaen då næringsmedarbeidarar vart samla denne veka.

La oss bruke teknologi til det maskiner gjer best, og menneske til det menneske gjer best.

Slik lød oppmodinga frå Arne Krokan då han innleia samlinga for næringsmedarbeidarar i Sogn og Fjordane. Tema var digitalisering og kva det vil bety for næringslivet i Sogn og Fjordane framover. Arne Krokan er mellom anna professor i digital økonomi og digital marknadsføring og trakk opp dei store linene om kva som skjer i verda, før han avrunda dagen med diskusjon kring spørsmål som "korleis påverkar trendar i verda næringslivet i Sogn og Fjordane", "kva prosessar er satt i gang for å bidra til endring i fylket", og "korleis rådgje bedrifter gjennom endringsprosesser". 

Gode døme

Sogn og Fjordane har fleire døme på bedrifter som er komne langt på vei når det gjeld å gripe moglegheitene som kjem med ny teknologi. I løpet av dagen presenterte rådgjevingsbedrifta Sødermann og Sparebanken Vest korleis dei jobbar strategisk og langsiktig med digitale verktøy for å sikre lønsemd og konkurransekraft. Nye bruksmønster, forventingar og behov i kundemassen set store krav til endring hos bedriftene, som må liggje eitt skritt føre heile tida. 

Intern organisering og samhandling

Dag nummer to nytta næringsmedarbeidarane til å dele nyhende med kvarandre, oppdatere seg på aktivitetar og tilbod til bedrifter og tenkje over framtidig organisering av verkemidlar. Inkubatorane Aksello og Kunnskapsparken orienterte om deira tilbod til næringslivet og gründerar, Arne Monrad Johnsen frå Regionale Forskingsfond Vestlandet ønskja fleire bedriftssøknadar om forskingsmidlar og Gründersenteret til Innovasjon Noreg fortalde om deira praktisering og statistikk frå fylket. I tillegg delte Gro Rukan nyhende frå Framtidsfylket og Joachim Vie om sin stilling som forretningsutviklar for forskingsprosjekt. 

Sjå presentasjonane frå samlinga her:

Arne Krokan - Digitalisering (på forespørsel)

Vanja Viken og Roger Ulvestad - Inkubatorane i Sogn og Fjordane

Arne Monrad Johnsen - VRI4

Gro Rukan - Framtidsfylket

Elin Botnen Viken og Ann-Dyveke Huseth - Gründersenteret til Innovasjon Noreg

 

 

Del dette:

Relaterte lenker