foredrag og publikum

Samling for næringsmedarbeidarar

Førebuing til nytt storfylke på agendaen

Fylkeskommunen inviterte næringsmedarbeidarar frå Sogn og Fjordane til samling på Skei 17 juni. På agendaen stod det framtidige tilbodet til dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle bedrift i Vestland fylke. 

- Organiseringa av hjelpa til gründerar og småbedrifter vert handtert ulikt i dei to fylka i dag. Derfor har vi køyrt ei samling i Hordaland og vi ei samling i Sogn og Fjordane, der vi inviterer næringsmedarbeidarane og gjer eit arbeid for å finne ei god framtidig løysing for Vestland fylke, seier Endre Høgalmen. Høgalmen er i dag assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, og vil leie seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv i Vestland fylke.

I tillegg til eit gruppearbeid om etablerarhjelp, fekk deltakarane ei god oppdatering om prosessen rundt samanslåinga og korleis ein ser føre seg næringsarbeidet framover. Høgalmen innleia med kva vi kan forvente oss av endringar framover, mellom anna som følgje av den teknologiske utviklinga og samfunnsutfordringar som klimaendringar medfører.

Høgalmen trakk fram at det vil bli ein tøffare «kamp» om midlar til næringsutvikling. Derfor er det viktig å synleggjere effekten av dei tiltaka ein satsar på. - Samtidig kan vi glede oss til å bli ein del av eit storfylke som kjem til å vere heilt på topp i fleire bransjar, og vi må nytte dei moglegheitene som kan komme når to fylke vert eitt, sa Høgalmen.

Kathrin Jakobsen, seksjonsleiar for forsking, internasjonalisering og analyse ved Hordaland fylkeskommune, deltok også på samlinga. Ho vil leie seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering i Vestland fylke. Jakobsen la vekt på at vi ikkje skal gjere noko berre på Hordaland sin måte, eller Sogn og Fjordane sin måte. På mange område må vi tenkje heilt nytt, viste Jakobsen. Ho snakka mellom anna om korleis vi kan nyttiggjere oss kompetansen til innbyggjarar, og leggje til rette for omskolering ved behov. - Karriererettleiing er oljen i maskineriet, dette treng ein i alle fasar av livet, meinte Jakobsen. Ho snakka også om viktigheita av forsking for å kunne bygge opp under innovasjon. Mobilisering hos bedrifter til regionale forskingsfond blir ei av oppgåvene for å fremme meir forsking i Vestland fylke.

Blant deltakarane på samlinga var kommunar, nærings- og utviklingsselskap, næringshagar, inkubatorar, Innovasjon Norge og Fylkesmannen. Joakim Systaddal, nærings- og samfunnsutviklar i Balestrand kommune, Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling og Knut Roger Nesdal, næringssjef i Gloppen kommune, vart utfordra på å presentere korleis dei meiner vi saman kan gi best hjelp til gründerar og småbedrifter i Vestland fylke. Dei peikte på ulike område dei meiner er viktig for å få til utvikling og vekst i distrikta.

Systaddal peikte spesielt på at det må bli enda betre koordinering av tenestene det offentlege tilbyr og at fylkeskommunen må sjå det som si oppgåve å gjere hjelparane gode samt vise kvar kompetanse på ulike område er lokalisert. Laberg snakka om forpliktande samarbeid og verdien av gode planar og strategiar. Han meinte også at bedrifter i aukande grad har behov for samansett kompetanse, og oppfordra fylkeskommunen til å sjå meir på utdanningsløpet for lærlingar. Nesdal tok opp befolkningsvekst som ei utfordring, og viste korleis dei satsar på naturbasert reiseliv for å trekke dagens unge til Gloppen kommune.

Etter samlinga satt fylkeskommunen att med mange gode innspel på korleis ein kan gi eit best mogleg tilbod til dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle bedrift i Vestland fylke, og. Innspela vert tekne med i prosessen vidare.

 

 

Del dette:

Relaterte lenker