Føredrag i konferanserom
Føredrag i konferanserom

Rolf Sanne-Gundersen held føredrag, fotograf: Ingvild Andersen

Samling for næringsapparatet

Rådgjevarar i det offentlege næringsapparatet i fylket var sist veke samla på Tørvis Hotell i Luster for å lære av kvarandre, oppdatere seg og koordinere seg. 

Kvart år inviterer Innovasjon Norge og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane til ei samling for rådgjevarar i det offentlege næringsapparatet. Då er det tid for statusoppdateringar, erfaringsutveksling, og å koordinere det felles arbeidet vi gjer med å leggje til rette for næringsutvikling i fylket.

Oversikt over verkemiddel

I år la vi turen til Tørvis hotell i Marifjøra i Luster. Tema for årets samling var å få god oversikt over verkemidla vi har til rådvelde, og korleis vi kan nytte dei best mogleg. Vi køyrde ei caseøkt der vi delte forsamlinga i grupper og diskuterte ulike utfordringar med eit konkret case, før vi oppsummerte i plenum.

Besøkte lokale verksemder

Eit mål med desse samlingane er å bli kjent med næringslivet i fylket. Donne gangen fekk vi kome på besøk til to lustrabedrifter: Sognefjord Sjokolade og Digital Etikett. Begge er gründerbedrifter som har starta opp i marknader med tøff konkurranse. Likevel gjer dei det svært bra, fordi dei satsar på godt arbeidsmiljø, kundekontakt og pålitelege leveransar.

Input frå Gulen og Stryn

Vi fekk også besøk av Irene Kjeldby Wergeland, konsernsjef i Wergelandgruppa. Ho reiste frå Gulen  til Luster, for å fortelje historia til familiebedrifta som har hatt ei imponerande utvikling sidan starten i 1965.

Trond Bechmann, rådgjevar og forretningsutviklar i Leiv Eiriksson Nyskaping, delte erfaringane sinemed å gi rådgjevingssamtalar og å ta imot menneske på ein god måte. Dagleg leiar i Stryn Næringshage, Knut-Henning Hjellbakk, fortalde siste nytt frå klynge-/nettverksprosjektet Stryn TechHub.

 

I fjor gjekk samlinga for næringsmedarbeidarane til Oslo. Vi besøkte MESH, eit kontorfelleskap for gründerar og inkubatoren Startup Lab. Tema var nettverking, og du kan lese meir om turen her.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00