Samlar seg rundt folkehelsa

Torsdag samla 30 personar frå fylkeskommunen, forskjellige kommunar, lag og organisasjonar, med fleire, på Sogndal Quality Hotell for å delta i det andre av fire arbeidsverkstader i samband med den regionale folkehelseplanen.

Svein Arne Skuggen Hoff, fylkesdirektør i avdeling for plan og samfunn (PSA), er glad for at ein kan bruke andre arbeidsmetodar enn dei som vanlegvis blir brukt.

– På denne måten får deltakarane eitt slags eigarskap til planen. Dei bidreg med innhald til planen og får vere med på heile prosessen. Då vil sluttproduktet få ein breiare tilhøyrsle, seier Skuggen Hoff.

Prosjektleiar Joar Helgheim fortel at dagens møte skal i det store og heile handle om kva tiltak som skal setjast i verk.

– Vår oppgåve er å finne dei svake og sterke sidene ved folkehelseplanen, og å finne ein måte å løyse problema på, seier han.

Aud Molland Sørensen og Bente Nilsen er deltakarar på arbeidsverkstaden. Sørensen jobbar for Leikanger og Gaupne tannklinikkar, og er for fyrste gong med på arbeidsverkstad.

– Det er utruleg viktig med tverrfagleg samarbeid, og mange utfordringar, seier ho.

Ho ser store utfordringar i blant anna fedme for barn og tannhelse, og meiner at det er mykje å ta tak i, sjølv om ho trur at dei aller fleste er godt opplyste.

– Ein blir forundra over kva som skjer med helsa til folk, spesielt når ein har god informasjon lett tilgjengeleg, seier ho.

Bente Nilsen jobbar i Røde Kors Sogn og Fjordane tykkjer det er flott at også dei får moglegheita til å delta på arbeidsverkstaden.

– Vi i Røde Kors driv jo mykje med folkehelse til dagleg. Som Aud seier, så har vi mykje informasjon, men haldningane uteblir, seier ho.

Ho meiner vi står ovanfor reelle utfordringar, spesielt i sosial skilnad.

– Vi er nøydde til å jobbe med dei sosialøkonomiske skilnadene som går ut over blant anna helse og utdanning. Her har òg kultur mykje å seie. Det er viktig med lågterskeltilbod, meiner Nilsen.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette