eit samla fylkesutval står inne i eit møterom og held fram det nye fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune, alle smiler.
eit samla fylkesutval står inne i eit møterom og held fram det nye fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune, alle smiler.

Eit nøgd fylkesutval samla seg bak det nye fylkesvåpenet for Vestland fylke då fylkestinget samrøystes vedtok framlegget. foto: Runar Bjørkvik Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Samla fylkesting bak nytt fylkesvåpen

Fylkesvåpenet for nye Vestland fylke vart samrøystes vedtatt av fylkestinget i Sogn og Fjordane 4. juni. Symbolet viser eit fjordlandskap i blått og sølv.

Framlegget til fylkesvåpenet kom frå fellesnemnda for Vestland fylkeskommune, og skal også handsamast i fylkestinget i Hordaland 12.-13. juni før avgjerda blir endeleg.

– Dette er eit symbolsterkt fylkesvåpen med motiv frå fjord og fjell, eg tykkjer det er flott, seier fylkesordørar Jenny Følling. – Det er eit nytt steg mot ein samlande Vestlandsidentitet, eit symbol vi vil vere stolte av å seie er vårt.

Open prosess

Etter ein open innspelsfase i dei to fylka og ein designkonkurranse, tilrådde fagkomiteen eit motiv med natur og landskap. Motivet som gjekk mest att blant innspela frå innbyggarane var også fjord og fjell. Til grunn ligg det og at alle våpen etter den heraldiske tradisjonen skal bruke ein farge, eitt motiv og eitt metall. Etter fleire framlegg til fellesnemnda for Vestland i mars 2019, valde dei blått og sølv til fjordlandskapet i det nye fylkesvåpenet.

Mange godord

Mange var begeistra for det nye fylkesvåpenet og fargane som er valt, medan nokre sakna motiv frå Gulatinget, eller hadde ikkje attkjenning til noko fjell eller fjord i det nye motivet. Uansett vart framlegget samrøystes vedtatt.
–  Symbolet vekker engasjement og kjensler, og det er bra, sa fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap). – Det har vore ein brei og inkluderande prosess, og det finst vel ikkje noko meir historisk enn fjordane og fjella våre.
No står handsaming i fylkestinget i Hordaland att før framlegget blir endeleg.

Kontakt

Jenny Følling
fylkesordførar, Sogn og Fjordane
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713