Samhandling om fornying og utvikling av offentleg sektor

Samarbeidet er tufta på ein tosidig avtale mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen om å vidareføre samarbeidet som vart opprette i programstyret for fornying av offentleg sektor og IKT.

Fylkesmannen har sett av 5 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2013 til fornying i offentleg sektor. Fylkeskommunen har så langt sett av 2,4 mill. kroner i fylkeskommunale utviklingsmidlar.

Prosjekt som ligg innafor ein eller fleire av desse områda blir prioriterte:

1. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
2. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati gjennom samarbeid mellom kommunar, med næringsliv og frivillige organisasjonar innanfor desse områda:

  • Interkommunalt planarbeid
  • Samfunnstryggleik og beredskap
  • Integrering og rekruttering

4.Etikk, styrka eigenkontroll og heilskapleg styringssystem
5.Samhandlingsreforma

Deltakarar

Gunnar O. Hæreid, leiar (Fylkesmannen)
Jenny E. Følling (KS)
Anders Ryssdal (fylkeskommunen)
Kåre Træen,sekretær (Fylkesmannen)
Jo Tore Kristoffersen, sekretær (fylkeskommunen)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette