Samferdsleministeren får overrekt ny handlingsplan for samferdsle på Vestlandet

– Realisering av ein ferjefri E39 er overmoden. Vestlandsrådet har jobba jamt og trutt for ein ferjefri kyststamvei E39 langs heile kysten, og for meg er det dette som er jobb nummer ein, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt.

Vestlandsrådet ser Vegdirektoratet sitt prosjekt “Ferjefritt E39” som eit resultatet av eit Vestland som no står samla bak ein ferjefri transportkorridor langs heile Vestlandskysten. Ferjefri E39 er følgjeleg eit av dei største samferdslepolitiske utfordringane langs kysten.

– Det interessante er at det til og med er mogleg med ei god kryssing av Sognefjorden. Dette trass i at oppgåva byr på store transporttekniske utfordringar, også globalt sett. Det betyr at det er finansieringsløysingar som truleg blir den største utfordringa. Her må vi vere kreative. Målet er mest mogeleg veg per krone på kortast mogeleg tid, presiserer Tvedt.

Vestlandsrådet vil sende ut det nye handlingsporgrammet for samferdsle på høyring.

Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet mellom anna fremje landsdelen nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen, og aktivt påverke rammevilkår for landsdelen.

På møtet i Bergen tysdag 14. juni deltek både fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa. Sjå programmet for møtet her.

Les òg:

Samferdsleministeren og fiskeriministeren til møte i Vestlandsrådet

Kontaktinformasjon

Tom Tvedt, leiar av Vestlandsrådet, tlf 971 99 233
Trond Ueland, sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, tlf 913 37 410

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00