fylkesordførar Jenny Følling og fylkesmann Anne Karin Hamre sit ved eit bord og smiler til kameraet, inne, med pennar i hendene og to signerte dokument foran seg på bordet.

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesmann Anne Karin Hamre signerte ein samarbeidsavtale mellom organisasjonane 31. mars.

Samarbeidsavtale med Fylkesmannen

Fleire samanfallande målsetjingar og ansvarsområde gjer at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i fylket har fornya samarbeidsavtalen mellom organisasjonane.

Den øvste leiinga i desse to organisasjonane møtest jamleg, og kontakten er avtalefesta i ein samarbeidsavtale. Bakgrunnen er at ein ser nytten i å kunne koordinere arbeidet på fleire felt. Avtalen vil sikre best mogleg samhandling for å nå overordna mål og gjensidig utnytting av felles ressursar og kompetanse. Det er samarbeidet om strategiske problemstillingar knytt til ulike tema og fagområde som vil bli drøfta. Avtalen erstattar tidlegare samarbeidsavtale og gjeld fram til 1. januar 2019.

Samarbeidsavtale, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut