vkkfqncmrk
vkkfqncmrk

Foto: David Zadig (cc-by-sa)

Samarbeider om musikkterapi

Sogn og Fjordane fylkeskommune blir medlem i POLYFON – kunnskapsklynge for musikkterapi. Målet er å gjere Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan temaet.

Tverrfagleg samarbeid

Dei fire samarbeidspartnarane har hatt status som observerande deltakar januar 2015  men blir frå november 2017 fullverdig medlem av POLYFON. Fylkeskommunen leiar samarbeidet i Sogn og Fjordane, som vil jobbe særleg med

  • barn og unges oppvekst
  • eldrehelse/eldreomsorg
  • tverrfagleg samarbeid for å styrke folkehelse, førebygging og god samhandling mellom kommunale tenester og spesialhelsetenesta 

Vestlandssatsing

Kunnskapsklynga POLYFON vart etablert i 2015 og går no inn i sin andre prosjektperiode. POLYFON består av kommunar og helseføretak som tek i bruk musikkterapi på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samspel med utdanning og forsking på høgste nivå.

Målet for prosjektet er å bygge Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan musikkterapi. Griegakademiet ved Universitet i Bergen er prosjektleiar. 

For meir informasjon 

Jorunn Bakke Nydal
musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00