Samarbeider om å rehabilitere ballbingane i fylket

– Vi ser at mange av ballbingane som vart bygde på slutten av 1990-talet, sårt treng ei opprusting. Dette er anlegg som har vore flittig brukte, og i tillegg var det dårleg kvalitet på kunstgraset som vart lagt i starten, fortel Atle Skrede, som er rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen.

30 av 117 treng opprusting

Kartlegginga fylkeskommunen har laga, er berre starten på prosjektet, som forhåpentlegvis endar opp med «nye» ballbingar over heile fylket. Kartlegginga viser at 30 av dei totalt 117 ballbingane har eit meir eller mindre akutt behov for rehabilitering.

Opprustinga av ballbingane er også i tråd med Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, som har «fysisk aktivitet for alle» som visjon. Planen slår fast at nærmiljøanlegga i fylket skal vere i god stand og godt vedlikehaldne. Slike anlegg er viktige for eigenorganisert aktivitet.

Gode og viktige nærmiljøanlegg

Kommunane eig dei fleste ballbingane her i fylket, medan nokre er eigde av anten idrettslag, velforeiningar eller grendelag. Det er eigarane som er ansvarlege for vedlikehaldet og må ta kostnaden med rehabilitering – rundt 100 000 kr per binge. Om fotballkrinsen samordnar eit felles innkjøp kan ein få ned prisen med 20–25 prosent. Ti år etter at bygging av ein ballbinge, kan eigaren også søkje om spelemidlar til rehabilitering. Søkjar får då 50 prosent av kostnadane i tilskot frå overskotet til Norsk Tipping.

– Vi er i tillegg i dialog med Sparebankstiftinga om tilskot til rehabilitering. Ballbingane er svært gode nærmiljøanlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Difor er dei viktige å ta vare på og halde ved like. Det felles målet vårt er å få fleire i fylket til å vere fysisk aktive, og då må vi leggje til rette for det. Vi ønskjer å tilby best moglege anlegg for alle, seier Skrede.

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Relaterte lenker