Tre personar står ute i skyggen foran ein bygning
Tre personar står ute i skyggen foran ein bygning

Fylkesvaraordførar i Rogaland Marianne Chesak, fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun samla for møte i kommunal- og forvaltningskomiteen.

Saman på Stortinget

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar stilte i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget for å snakke om forventingar til ein ny og større region.

Blir dagens fylke etter kvart til færre og dermed større regionar? Det er iallfall målsetjinga med regjeringa si regionreform, som er på veg frå ide til realitet mange stader. Etter naboprat mellom dei tre vestlandsfylka er den politiske handsaminga i Sogn og Fjordane fylkeskommune no i gang og vegen mot ein intensjonsplan klar.

Regjeringa la i april fram stortingsmelding om nye regionar. Måndag 9. mai var det open høyring om regionreforma i kommunal- og forvaltningskomiteen, og dei tre fylkesordførarane i vest heldt innlegg saman. Andre fylkeskommunar og aktørar var og til stades, mellom anna representantar for kommunane Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta som la fram sine forventningar knytt til nye regionar.

Fylkesordførarane og fylkesrådmennene presenterte nokre av dei same forventningane til større regionar som i brevet sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet tidlegare i år. Dei forventa oppgåvevurderingane presentert for komiteen var:

  • Statens vegvesen sitt regionapparat med tilhøyrande fylkesfunksjonar.
  • Kulturrådet og tildelingar til regionale føremål frå KD.
  • Kjøp av regionale jernbanetenester.
  • Deler av Noregs forskingsråd sine programområde.
  • Konsesjons- og rettleiingsoppgåver frå NVE og annan regional naturressursforvalting.
  • Dei delane av BUF-etat som ikkje kan leggjast til kommunane.
  • Regionale miljøvern- og landbruksforvaltningsoppgåver.
  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), regionale funksjonar.
  • Statlege høgskular bør vurderast overført til regionane
  • Ansvar, eigarskap og finansiering av heile eller delar av spesialisthelsetenestene bør greiast nærare ut.

I tillegg informerte fylkesordførarane om samarbeidet så langt, samt førebels struktur på intensjonsplanen for vestlandsregion som vil verte politisk handsama utover året.

Presentasjon frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland fylkeskommunar for kommunal- og forvaltningskomiteen (PowerPoint)

For meir informasjon

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568