Rikard (19) blir toppleiar for ein dag

Onsdag 15. oktober inntek Rikard Kirkeeide Bøe frå Stryn sjefsstolen i Norad. Saman med administrerande direktør, Villa Kulild, deltek han på «Leiar for ein dag».

Blant dei om lag 12 000 elevane som driv ungdomsbedrift kvart år, har nittenåringen Rikard Kirkeeide Bøe vist seg å vere blant dei aller dyktigaste. Difor er han ein av 27 elevar som har blitt valt ut til å vere med på arrangementet «Leiar for ein dag».

Gir seg ikkje

I vår var Rikard ferdig på studiespesialiserande på Stryn vidaregåande skule, og satsar nå fullt på gründerverksemda, Binderpunch.

– Eg byrja først med Binderpunch då eg gjekk på ungdomsskulen og hadde ungdomsbedrift. Så fortsette eg på vidaregåande. No når eg er ferdig på vidaregåande, jobbar eg med å utvikle nye idear og med kommersialiseringa av Binderpunch, fortel han sjølv.

For Rikard har ikkje tenkt å gi seg. Nittenåringen frå Stryn vil følgje i fotspora til dei mange vellykka gründerane frå heimbygda, og han vil lykkast.

– Eg vil vere min eigen herre, dyrke fram idear og skape noko. Eg vil setje spor. Eg vil òg utdanne meg vidare, men akkurat kvar og kva veit eg ikkje enno, seier den driftige stryningen.

Møter likesinna

Tysdag 14. oktober skal han møte 26 andre likesinna frå heile landet, og onsdag skal han skugge administrerande direktør i Norad, Villa Kulild.

– Eg ser fram til å møte likesinna. Eg trur det kan vere inspirerande. Ikkje minst det å skugge Villa Kulild er noko eg gler meg til. Eg er spent, men trur det blir givande.

Stolt av elevane

– Det er desse ungdommane som skal finne løysingar på samfunnets største utfordringar og bringe Sogn og Fjordane inn i framtida. Eg er stolt over at våre elevar hevdar seg blant dei beste i landet, og at Rikard har blitt valt ut til å få lære av ein av Norges beste leiarar, seier Holger Aasen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

Leiar for ein dag blir arrangert for 12. året på rad, og Kulild er i godt selskap når ho stiller opp for dei unge talenta. I år skal toppleiarane i blant anna Oslo Børs, Siemens, NRK og WWF Norge bli «skugga» av unge leiarspirer. Ungt Entreprenørskap Norge og ManPowerGroup står saman om initiativet.

Kontaktpersonar:

Rikard Kirkeeide Bøe, rikard@binderpunch.no, mobil 458 00 450

Eivind Husabø, eivind.husabo@ue.no , mobil 415 30 660

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00