Elv med demning i haustsol.
Elv med demning i haustsol.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi/SFE

Rettskraftig dom i SFE-saka

Rettssaka om ein eventuell forkjøpsrett til aksjane i SFE er no avslutta, etter at BKK i dag trekte sin anke for Høgsterett. Arbeidet med å overdra aksjar til kommunane kan no starte, i tråd med fylkestinget sitt vedtak.

– Dette er ein gledesdag. Vi har vunne fram i kampen for at verdiane som ligg i SFE-eigarskapen kan bli verande i fylket og aksjar i SFE kan fordelast på kommunane i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling.

– Det har kosta mykje tid og ressursar, men vi vann fram i to rettsinstansar og er glade for å kunne gjennomføre fylkestinget sitt vedtak.  

Som følgje av dommen må BKK dekkje fylkeskommunen sine sakskostnader for tre instansar.

Vil sikre lokal eigarskap

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag den største aksjeposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjennom selskapet SF Holding. Fylkeskommunen gjekk i fjor til søksmål mot BKK, den nest største eigaren i SFE, for å få avklart om dei vil ha forkjøpsrett ved ei eventuell overføring av aksjane i SF Holding til kommunane i Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen er at dei folkevalde i Sogn og Fjordane har vore opptekne av å sikre at verdiane  av eigarskapen i SFE skal bli verande i dagens Sogn og Fjordane også etter fylkessamanslåinga med Hordaland.

Fylkestinget vedtok i desember 2018 at dei ønskte å overføre 80 prosent av aksjane i SF Holding til kommunane i Sogn og Fjordane, under føresetnad av ein rettskraftig dom i saka om forkjøpsrett. Fordi føresetnaden no er på plass, kan arbeidet med overdraginga av aksjar til kommunane starte.

Fordeling av aksjane

Overdraginga vil skje etter ein fordelingsnøkkel som vart vedteken i fylkestinget i juni 2019. Modellen inneber at 65 prosent av aksjane blir fordelte til kommunane etter folketal, medan 35 prosent blir fordelte likt mellom kommunane.

Aksjane blir overførte som såkalla B-aksjar. Det sikrar kommunane utbyte, men A-aksjane – som tilsvarer 20 prosent av eigarposten og blir med over i Vestland fylkeskommune – vil ha fleirtal i generalforsamlinga i holdingselskapet.

Les meir i denne saka om vedtaket frå fylkestinget: Slik vil fylkestinget fordele SFE-verdiane

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut