Restriktiv til alkoholservering

Fylkesrådmannen rår til at det vert innført restriktive reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg. Saka er sendt på høyring. Frist for å gje fråsegn er 24. oktober 2009.

Bruken av sambruksbygg som Opera Nordfjord, Fosshaugane Campus og Trivselshagen har aktualisert behov for å klargjere reglane for alkoholservering. Fylkesrådmannen ønskjer difor å ha reglar for alkoholservering i bygg som fylkeskommunen eig, leiger eller leiger ut. I tillegg ønskjer fylkesrådmannen å synleggjere ei restriktiv haldning til alkohol generelt i fylkeskommunale bygg. Fylkesrådmannen vil likevel opne for alkoholservering når spesielle omsyn og vilkår er ivaretekne.

Fylkesrådmannen rår til at servering av alkohol i fylkeskommunale bygningar berre skal vere tillate i helgane, frå fredag kl 16 til og med søndag kl 24. Servering på andre dagar skal berre skje heilt unntaksvis, og uansett innanfor tidsramma kl 16-24. Målgrupper for arrangement der det kan serverast alkohol skal vere vaksne etter reglane i alkohollova. På dei vidaregåande skulane skal det uansett ikkje kunne serverast alkohol når det føregår undervisning.

Saka er sendt til høyring til den fylkeskommunale verksemda, Elevorganisasjonen og dei fylkeshovudtillitsvalde. Frist for å senda inn merknadar er sett til 24. oktober. Saka vil verta fremma for Fylkestinget i desember.

Høyringsdokumentet finn de her.

Kontaktpersonar: Bjørn Birger Bremer og Siri M Nedland

 

Del dette:

Relaterte lenker