Foto frå utdelinga av fagbrev i mars 2017. Biletet syner dei som fekk fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er 17 jenter og kvinner, og dei er flankerte av fylkesordførar Jenny Følling i bunad og leiar i fagopplæringsnemnda Nils P. Støyva i dress.
Foto frå utdelinga av fagbrev i mars 2017. Biletet syner dei som fekk fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er 17 jenter og kvinner, og dei er flankerte av fylkesordførar Jenny Følling i bunad og leiar i fagopplæringsnemnda Nils P. Støyva i dress.

Barne- og ungdomsarbeidarfaget er blant dei faga der det vart delt ut flest fagbrev.

Rekordmange tok imot fagbrev

Aldri tidlegare har så mange i Sogn og Fjordane teke imot fagbrev som på Hotel Alexandra fredag 17. mars.

Det var utdeling av fagbrev, sveinebrev, kompetansebrev og meisterbrev i over 60 fag denne festkvelden i Loen. Det var stil over utdelinga, med dresskledde karar og kvinner i flotte kjolar, bunadar og andre festdrakter.

Utdeling av kompetansebrev er nytt av året. Det vert delt ut til lærekandidatar som har bestått delkompetansen sin i vidaregåande opplæring. Tolv lærekandidatar var inviterte til utdelinga.

Yrkesfag avgjerande for framtida

Det vart delt ut flest fagbrev/sveinebrev i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, elektrikarfaget og tømrarfaget, med mellom 20 og 25 mottakarar av fagbrev i kvart fag.

Fylkesordførar Jenny Følling delte ut fagbreva saman med leiar i fagopplæringsnemnda Nils P. Støyva. I talen sin la ho vekt på at vi har bruk for gode fagfolk i framtida.

– Vi er heilt avhengige av å utdanne fleire innan yrkesfag for å få ei berekraftig økonomisk utvikling. Saman sit de på avgjerande kompetanse for morgondagen og for framtida. Rekruttering og haldningsendring for å gjere yrkesfag meir attraktivt er viktig, og her har både næringsliv, skule, media og politikarar ei viktig oppgåve, sa Følling.

Elevar stod for underhaldning og foto

Som alltid på fagbrevutdelingar i Loen, var elevar frå Firda vidaregåande skule ansvarlege for underhaldninga. I år stilte seks elevar frå ulike stadar i fylket opp og framførte flotte musikkinnslag.

Gode bilete er viktige på slike høgtidlege seremoniar, og elevbedrifta Focus UB frå media og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule var i år ansvarleg for fotograferinga.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune er oppteken av å i størst mogeleg grad nytte eigne krefter til større arrangement. Vi er difor stolte over å ha med oss fleire av dei flinke elevane våre i slike samanhengar, seier teamleiar for opplæring i bedrift, Sissel Brusegård.

Svart arbeid er viktig tema

Brusegård var festleiar for kvelden, og i tillegg til fylkesordføraren, heldt også regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, og leiar i fagopplæringsnemnda, Nils P. Støyva, talar.

Både Stang og Støyva var opptekne av problemstillingar knytte til svart arbeid og svart økonomi. Dette er eit satsingsområde både på fylkes- og landsbasis. Svart arbeid stel store summar kvart år – summar som kunne vore nytta til beste for samfunnet.

Sjå bilete frå fagbrevutdelinga på Flickr-kontoen til fylkeskommunen. Desse kan lastast ned og nyttast fritt mot kreditering av fotografen.

Fakta

  • Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane har sidan 1981 delt ut fag- og sveinebrev. Frå 2003 har dei òg delt ut meisterbrev på vegne av Meisterbrevnemnda, og i år var første gong det vart delt ut kompetansebrev
  • 736 fagarbeidarar var inviterte til årets fag- og sveinebrevutdeling.
  • Det var 205 som tok i mot fagbrevet denne kvelden, og totalt deltok rundt 350 personar i arrangementet.
  • 437 har vore lærlingar, 267 praksiskandidatar, 18 har vore elevar i skule og 12 har vore lærekandidatar.
  • Til saman representerer dei over 60 ulike fag.
  • I dei store faga som barne- og ungdomsarbeidar-, tømrar-, helsearbeidar-, industrimekanikar- og elektrikarfaget har mellom 45 og 65 kandidatar teke fagbrevet i kvart fag.
  • Av dei som gjekk opp til fagprøve i 2015, fekk 23 prosent vurderinga «Bestått mykje godt» (BM).

For meir informasjon

Sissel Brusegård
teamleiar
sissel.brusegard@sfj.no
405 24 464 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00