Via ferrata foto Sindre Thoresen Lønnes

Foto: Sindre Thoresen Lønnes, Den Norske Turistforening

Reiselivs-konferansen 2015

På årets reiselivskonferanse får du blant anna salstriks, suksesshistorier, «speed-meetings» og ei innføring i ta det med ro-turisme, såkalla Slow Adventure.

For å ta reiselivet i Sogn og Fjordane til nye høgder, må næringa og det offentlege hjelpeapparatet samarbeide og dele erfaringar og kunnskap. Då trengst det gode møteplassar – som reiselivskonferansen på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 19. og 20. november.

Reiselivsnæringane er dei raskast veksande næringane i verda. Nye produkt må ha høg standard og vere baserte på kunnskap om kva turistane ønskjer og krev.

Vandring i vid forstand

– I Sogn og Fjordane har vi valt å satse på friluftsbasert reiseliv, med temaet vandring i vidaste forstand. For at vi skal auke den felles kunnskapen vår og kunne jobbe mot eit felles mål, må vi ha gode møteplassar. Reiselivskonferansen skal vere ein slik møteplass, der vi kan tileigne oss ny kunnskap, og sikre at alle er på veg mot målet vi har sett oss, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Han håpar å sjå så mange som mogleg frå reiselivsnæringa i fylket på konferansen. Fristen for å melde seg på er søndag 1. november.

Ta det med ro!

Arrangørane – Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, Sparebanken Vest, NHO Reiseliv og Fylkesmannen – har lagt opp to varierte og fullspekka konferansedagar. Vi får blant anna erfaringar frå næringslivet både i og utanfor fylket, forskarperspektiv, nettverksbygging gjennom «speed-meetings» – og ei innføring i å ta det med ro.

«Slow down!» er nemleg namnet på føredraget til skotten Peter Varley. Han leiar forskingssenteret for opplevingsturisme ved West Highland College UHI og har utvikla konseptet Slow Adventure. Han meiner Sogn og Fjordane har stort potensial for konseptet, og dei neste to åra skal han samarbeide med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Bratt Moro og Vestlandsforsking om å utvikle reiselivet i fylket.

Korleis selje på nett?   

Ein annan av føredragshaldarane er Linda Løvfall i Kaizen AS, som driv analyse og rådgjeving for reiselivet i heile landet. Ho kjem til reiselivskonferansen for å lære reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane meir om korleis vi kan gjere kikkarar til kjøparar.  

Løvfall har nesten to timar til rådvelde på den første konferansedagen. Då vil ho kome med gode tips og triks til korleis reiselivet i Sogn og Fjordane kan bruke nett og sosiale medium for å auke salet sitt.

Reiselivsprisen 2015

Reiselivskonferansen er også åstad for utdeling av Reiselivsprisen 2015. Prisen vert delt ut under festmiddagen 19. november, og skal gå til ei reiselivsverksemd som har utmerkt seg i året som gjekk, anten lokalt, nasjonalt eller internasjonalt.

Prisvinnaren får 50 000 kroner frå Sparebanken Vest, som håpar prisen kan fungere som både klapp på skuldra til prisvinnaren og som inspirasjon til andre i reiselivsnæringa.

Meir informasjon om reiselivsprisen og fullstendig program for og meir informasjon om reiselivskonferansen finn du på heimesida til konferansen.

For meir informasjon

Ingeborg Lysne Mcevoy
rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
ingeborg.lysne@sfj.no
906 34 837

Inger Merete Øygard
seniorrådgjevar, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
inoyg@innovasjonnorge.no
971 90 950

Del dette:

Relaterte lenker