Reglement for kontrollutvalet

Vedteke av fylkestinget i FT-sak 48/15.

Lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommuner (Kommuneloven) i tillegg til "Forskrift om revisjon i kommuner og fylkeskommuner m.v " og "Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner". Ved eventuell motstrid går reglar i lover og sentrale forskrifter framføre reglementet.

 

§ 1 Kontrollutvalet sitt føremål

Kontrollutvalet skal føre tilsyn med den fylkeskommunale forvaltninga på vegne av fylkestinget, irekna å sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Utvalet skal gjennom sitt arbeid bidra til at innbyggjarane og andre interessentar har tillit til Sogn og Fjordane fylkeskommune, og at fylkeskommunen leverer sine tenester og utfører sitt mynde effektivt og målretta i samsvar med lov, forskrift og andre reglar samt fylkestinget sine føresetnader og vedtak. Kontrollutvalet skal framstå som eit kompetent, uavhengig, objektivt og synleg organ med høg integritet.

§ 2 Val – samansetjing

Kontrollutvalet skal ha 5 medlemer med varamedlemer.

Leiar og nestleiar skal kome frå fylkestinget. Dei tre andre skal hentast utanfor fylkestinget.

Leiaren skal representere konstellasjonen som ikkje har fylkesordførar / fylkesvaraordførar.

Kontrollutvalet skal veljast på det konstituerande fylkestinget som første utval etter val av fylkesutval, fylkesordførar og fylkesvaraordførar. Kontrollutvalet trer i funksjon frå det konstituerande fylkestinget.

Ved val av medlemer og varamedlemer skal omsynet til representativitet i fylkestinget særleg ivaretakast. Det bør vidare leggast vekt på å få medlemer og varamedlemer med god erfaring frå arbeidet som folkevald. Om mogeleg bør omsynet til kontinuitet blant medlemmane i kontrollutvalet ha merksemd ved valet.

Utelukka frå val er fylkesordførar, fylkesvaraordførar, medlem og varamedlem av fylkesutvalet og tilsette i fylkeskommunen. Det same gjeld den som leiar eller har leiande stilling i, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for eit selskap mv. som kan vere gjenstand for selskapskontroll, jfr. kommunelova 77 nr. 5. Medlemmar i kontrollutvalet kan ikkje veljast som medlem av fylkeskommunal nemnd med mynde til å ta avgjersle på fylkeskommunen sine vegne .

Utover dette gjeld kommunelova sine regler om val av faste utval.

Valretten ligg til fylkestinget. 

 

§ 3 Kontrollutvalet sine oppgåver

Kontrollutvalet sine oppgåver er gitt i kommunelova kapittel 12, forskrift om kontrollutval og forskrift om revisjon.

Det er berre fylkestinget som kan pålegge kontrollutvalet oppgåver utanom dei oppgåvene som er lovfesta

Særlege oppgåver:

1. Kontrollutvalet skal ved starten av kvar valperiode utarbeide ein plan for verksemda i utvalet. Kontrollutvalet fastset sjølv innhald og omfang. Informasjonsstrategien til utvalet skal vere vedlegg til verksemdplanen. Verksemdplanen vert vedteken av fylkestinget.

2. Kontrollutvalet skal, innan utgangen av året etter nytt utval er på plass, legge fram Plan for forvaltningsrevisjon og Plan for selskapskontroll til fylkestinget. Det er fylkestinget som vedtek planane.

3. Kontrollutvalet kan på eige initiativ gjere endringar i planane innafor fylkestinget sine intensjonar, deriblant rullering av plan for forvaltningsrevisjon og plan for selskapskontroll.

4. Kontrollutvalet skal vedta årsmelding for eiga verksemd. Årsmeldinga vert lagt fram for fylkestinget.

5. Kontrollutvalet utarbeider forslag til budsjett og økonomiplan for kontroll- og tilsynsarbeidet. Utvalet har fullmakt til å omfordele mellom tenester/ansvar på programområdet 410 Kontrollorgan, jfr. budsjettreglementet.

6. Kontrollutvalet kan iverksette undersøkingar og granskingar av fylkeskommunal verksemd på eige initiativ, eller etter vedtak i fylkestinget. Utvalet fastset mandat og omfang, og gjer val om eventuell utførar.

§ 4 Møte og sakshandsaming

Ordinære møte vert avvikla i samsvar med fastsett møteplan i fylkeskommunen. Kontrollutvalet sine møte er opne. Lukking av møta må skje etter reglane i kommuneloven 31.

Kontrollutvalet sin leiar er møteleiar. Ved forfall fungerer nestleiar som møteleiar. Har begge forfall vert møteleiar valt ved fleirtalsval.

Kontrollutvalet sine medlemer og varamedlemer har teieplikt i samsvar med forvaltningslova 13, og skal underteikne på erklæring om teieplikt.

Møteinnkalling vert sendt ut ei veke før møte til medlemmane i utvalet, med kopi til fylkesordførar, fylkesrådmann og revisor. Innkallinga vert i tillegg lagt ut på heimesida til fylkeskommunen.

Kontrollutvalet sitt sekretariat sørgjer for saksutgreiing og gjev tilråding til vedtak. Kontrollutvalet, eventuelt kontrollsjefen, kan i enkelte tilfelle be andre om utgreiingar.

Kontrollutvalet gjer alle sine vedtak i møte. Det vert ført protokoll frå møta i utvalet. Protokollen vert sendt utvalsmedlemmane i etterkant av møta på e-post for "godkjenning". Deretter vert protokollen lagt ut på heimesida til fylkeskommunen. Protokollen vert formelt godkjent i neste møte.

Melding om vedtak i kontrollutvalet vert sendt til rett instans i etterkant av møta. 

Utvalet kan avvikle møte utanom møteplanen dersom leiaren eller minst to medlemmer av utvalet krev det. Innkalling til møte utanom planen kan skje med kortare, men høveleg, varsel enn for ordinære møte.

I særlege tilfelle kan utvalet gjennomføre kontrollutvalsmøtet som videokonferanse , telefonmøte eller på liknande måte, men det må sikrast at sakene får ein forsvarleg handsaming og at omsynet til ope møte kan ivaretakast.

Om inhabilitet for medlemer av kontrollutvalet gjeld forvaltningslova 6 og kommunelova 40 nr 3 og 4.

Fylkesrådmannen eller tilsett i fylkeskommunen kan kallast inn til møte i kontrollutvalet for å svare på spørsmål om faktiske forhold eller klargjere eit saksforhold. Fylkesrådmannen skal alltid orienterast dersom tilsette vert kalla inn til utvalet.

Kontrollutvalet kan avvikle høyringar innafor sitt ansvarsområde. Med høyring er meint eit møte i utvalet der utvalet mottek munnlege forklaringar frå personar som er innkalla for å få belyst ei spesiell sak eller eit saksområde. Høyringar vert avvikla etter eigne reglar, som er vedlagt dette reglementet.

Kontrollutvalet eller einskildmedlemmar av utvalet kan delta i andre møte, studiereiser, synfaringar, konferansar og samlingar m.v som eit ledd i tilsynsansvaret, og få dekning av tapt arbeidsforteneste, reiseutgifter m.v etter fylkeskommunen sine regler for slik deltaking. Kontrollutvalet fastset sjølv omfanget innanfor eige budsjett.

Leiar og nestleiar er medlemer av fylkestinget. Dei øvrige medlemmane møter vanlegvis ikkje under fylkestingsseta.

§ 5 Møte- og talerett

Fylkesordførar har møte- og talerett i kontrollutvalet.

Ansvarleg revisor, eller den han peikar ut, har møte- og talerett i kontrollutvalet.

Kontrollutvalet, leiaren eller medlem utpeikt av kontrollutvalet eller leiar har rett til å vere til stades i lukka møte i folkevalte organ i fylkeskommunen. Kontrollsjefen har fullmakt til å vere til stades i lukka møte i folkevalte organ i fylkeskommunen i same utstrekning som kontrollutvalet sjølv.

§ 6 Sekretariat

Kontrollutvalet skal ha ei eiga sekretariatsordning som er tilpassa utvalet sitt behov. Sekretariatet skal ha kompetanse til å bistå kontrollutvalet på alle funksjonsområda til utvalet. Sekretariatet skal vere uavhengig av fylkeskommunen ein administrasjon og av dei som utøver revisjon for fylkeskommunen. Fylkestinget fastset kva sekretariatsordning kontrollutvalet skal ha etter tilråding frå kontrollutvalet.

Kontrollutvalet sitt sekretariat er underlagt kontrollutvalet og skal følgje dei retningslinjer og pålegg for drifta av sekretariatet som utvalet gjev.

Tilsetting

Det er kontrollutvalet som tilset leiar av sekretariatet og fastset løna.

Leiar av sekretariatet skal ha tittel kontrollsjef.

Kontrollutvalet kan godkjenne avtale om kjøp av sekretærtenester eller engasjement av mellombels sekretær når tilhøva gjer dette naudsynt.

Sekretariatet sine oppgåver

Kontrollsjefen har ansvaret for sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet og for at sekretariatet sine oppgåver blir utført i samsvar med utvalet sin instruks.

Sekretariatet skal sjå til at dei saker som skal handsamast av kontrollutvalet er forsvarleg utgreidd og gjev tilråding til utvalet i sakene.

Sekretariatet sørgjer for innkalling og føring av møtebok i samband med kontrollutvalet sine møte. Protokollering av møta skal skje slik at ein er sikra at vesentleg informasjon gitt i møte vert dokumentert. Blant anna skal all eigarskapsinformasjon dokumenterast og tema for munnlege orienteringar skal protokollerast.

Sekretariatet skal sjå til at kontrollutvalet sine vedtak, og fylkestinget sine vedtak i saker som kontrollutvalet fremjar for fylkestinget, vert iverksett.

Sekretariatet skal sjå til at saker som gjeld kontrollutvalet sitt ansvar og oppgåver etter lov og forskrift vert ivareteke og forsvarleg løyste. Kontrollutvalet kan leggje andre arbeidsoppgåver til sekretariatet i den grad lov eller forskrift ikkje er til hinder for dette.

Sekretariatet har fullmakt til å ta avgjerd i saker som er kurante der det haster med ei avgjerd. Kontrollutvalet skal ha melding om slike saker i neste møte.

Sekretariatet kan ikkje utføre revisjonsoppgåver etter forskrift om revisjon, men skal følgje opp at desse blir utført med rimeleg framdrift og innan fastsette fristar av revisor.

§ 7 Revisjon

Kontrollutvalet skal sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Kontrollutvalet skal kunne evaluere revisjonsordninga og tilpasse denne til lovmessige krav og fylkestinget sitt tilsynsbehov. Fylkestinget vedtek revisjonsordning og val av revisor etter tilråding frå kontrollutvalet.

§ 8 Endringar av reglementet

Kontrollutvalet kan gjere mindre endringar i reglementet, eventuelt som følgje av endringar i lov eller forskrift.

Reglementet trer i kraft straks det er vedteke av fylkestinget.

 

Vedlegg

Reglar for avvikling av høyringar i kontrollutvalet

1. Formål

Formålet med desse reglane er å sikre kontrollutvalet sitt informasjonsbehov, ei god framdrift i høyringa og trygge den enkelte deltakars rettstryggleik.

2. Opne høyringar, og når høyringar kan lukkast

Avgjerd om høyring blir teke med alminneleg fleirtal i kontrollutvalet, likevel slik at minst tre medlemer må røyste for høyringa.

Høyringa skal i utgangspunktet vere open, men kontrollutvalet kan med alminneleg fleirtal avgjere at heile eller delar av høyringa skal/kan vere lukka i medhald av kommunelova §31. Det kan t.d. skje som følgje av at den som skal høyrast berre ønskjer å uttale seg i lukka møte, og at det er heimel for å lukke høyringa.

Kontrollutvalet kan berre få teiepliktige opplysningar i lukka høyring. Under ei open høyring kan ikkje kontrollutvalets medlemer gjengi eller vise til opplysningar som er teiepliktige.

3. Førebuing av høyringa

Før høyringa skal kontrollutvalet ha eit saksførebuande møte for å fastsette opplegget for høyringa. På dette møtet skal utvalet gå gjennom kva problemstillingar utvalet ønskjer belyst og kva ein forventar å oppnå. Det skal vidare fastsettast ein framdriftsplan for høyringa, som m.a. kan fastsette taletid for den enkelte som er innkalla eller invitert, rekkefølgje og hovudspørsmål/tema.

Kontrollutvalet tek avgjerd om kven som skal inviterast til høyringa utanfrå og kven som skal ha talerett.

Kontrollutvalet kan kalle inn tilsette i fylkeskommunen til høyring. Fylkesrådmannen vert orientert når tilsette vert kalla inn til høyring av kontrollutvalet.

4. Den invitert og den innkalla si stilling

Invitasjon/innkalling til høyringa skal sendast i så god tid som mogleg. Det skal opplysast om kva sak eller saksområde som er tema for høyringa, at den er open og at det eventuelt vert skrive referat. Overfor tilsette i fylkeskommunen som er innkalla, skal det visast til kommunelova § 77 nr 7, jf. forskrift om kontrollutval § 5 om kontrollutvalet sin rett til innhenting av opplysningar.

Fylkesrådmannen har møte- og forklaringsplikt når fylkesrådmannen blir innkalla til høyringa

(kommunelova § 77 nr 7, jf. § 23 nr 2). Det same gjeld tilsette som fylkesrådmannen peikar ut for å møte og forklare seg på sine vegne.

For andre enn fylkesrådmannen eller som møter på vegne av fylkesrådmannen skal det informerast

om høvet til å reservere seg mot å møte og å forklare seg, om å krevje å bli høyrt i lukka møte av

omsyn til personvernet, og av omsyn til ikkje sette seg sjølv i ein situasjon som kan få negative

tenestlege konsekvensar. Kopi av dette reglementet skal følgje innkallinga

Den inviterte eller den innkalla skal ha tilgang til kontrollutvalets saksdokument dersom desse ikkje er underlagt teieplikt.

Den inviterte eller innkalla har høve til å ha med seg ein person til å hjelpe seg, og rett til å konferere med vedkomande før det blir svara.

5. Gjennomføring av høyringa

Dersom andre enn leiaren skal leie høyringa (dvs. vere hovudutspørjar), peikar kontrollutvalet ut den som skal ha denne funksjonen, anten eit anna medlem eller ein person som kontrollutvalet kan engasjere. Avgjerd om dette blir teke med alminneleg fleirtal i det førebuande møtet.

Møteleiaren innleiar høyringa ved å orientere om temaet for høyringa og dei prosedyrar som gjeld.

Før kontrollutvalet startar utspørjinga av ein innkalla/invitert skal vedkomande få høve til å gi ei framstilling av saka.

Etter at hovudutspørjar er ferdig med sine spørsmål kan øvrige kontrollutvalsmedlemene stille oppfølgingsspørsmål.

Meiningsutveksling mellom kontrollutvalets medlemer skal ikkje finne stad under høyringa. Medlemene skal heller ikkje kommentere svara, utan at det følgjer som ein naturleg del i eit

oppfølgingsspørsmål. Møteleiaren skal påtale upassande eller fornærmeleg åtferd.

Eit medlem kan krevje at høyringa blir avbroten for at kontrollutvalet skal kunne drøfte vidare

framdrift, herunder om at høyringa skal avsluttast eller halde fram for lukka dører

Det skal ikkje røystast eller treffast konklusjonar under høyringa. Kontrollutvalet avgjer i møte korleis opplysningane som framkom under høyringa skal følgjast opp.

Det skal førast protokoll frå høyringa, som omhandlar kven som var til stades frå kontrollutvalet og innkalla/inviterte og kven som uttalte seg/svarte på spørsmål. Kontrollutvalet avgjer ut over dette om det skal førast referat frå høyringa eller om det skal gjerast lydopptak.

Kontrollutvalet avgjer på kva måte høyringa skal følgjast opp. Dersom kontrollutvalet får utarbeidd  ein rapport om resultatet av høyringa, skal fylkesrådmannen få høve til å gi fråsegn til rapporten.

Fråsegna vert vedlagt rapporten. Kontrollutvalet kan vedta å fremje rapporten til fylkestinget

6. Kunngjering

Opne høyringar skal kunngjerast som for møte.

 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568