Reglement for hovudutval for opplæring

Vedteke av fylkestinget i sak nr 26/95, revidert i sak nr. 38/99, sak nr. 6/00 og sak nr. 47/15.
 

§ 1 Val og samansetnad

Utvalet er fylkeskommunen sitt hovudutval for opplæring.

Utvalet har 9 medlemer med varamedlemer.

Fylkestinget vel medlemene blant fylkestinget sine medlemer. Minst éin medlem skal vere medlem av fylkesutvalet. Ein skal freiste å ha ein mest mogleg lik representasjon av medlemer frå fylkesutvalet i dei ulike utvala.

Dersom resultatet av dette vert at krava i kommunelova §§ 36 og 38a om kjønnsrepresentasjon ikkje vert oppfylt, skal nødvendig tal medlemer i tillegg veljast blant dei fem første varamedlemene til fylkestinget frå kvart parti. Dersom dette ikkje gir nok medlemer av det underrepresenterte kjønnet, skal ytterlegare medlemer veljast blant dei andre varamedlemene til fylkestinget.

Fylkestinget vel blant varamedlemene til fylkestinget i rekkjefølgje så mange varamedlemer som partiet/grupperinga har medlemer i hovudutvalet, med tillegg av 1-3 varamedlemer.

Fylkestinget vel leiar og nestleiar.

Valet gjeld for den fylkeskommunale valperioden.

Dersom ein medlem trer endeleg ut av vervet, skal fylkestinget velje nytt medlem, jf. kommunelova § 16, nr 3. Utvalet skal supplerast frå den gruppa som står bak den som sluttar som medlem. Gruppene kan ved gjensidig avtale likevel verte samde om å bytte posisjonar mellom hovudutvala ved slike høve, dersom fylkestinget finn å kunne godkjenne det ved valet.

Dersom leiaren trer endeleg ut av vervet skal fylkestinget velje ny leiar, jf. kommunelova § 16, nr. 4.

Fylkesrådmannen har møte- og talerett i hovudutvalet, jf. kommunelova § 23, nr 3. Retten kan utøvast av han personleg eller av ein av hans underordna.

 

§ 2 Arbeidsområde

Hovudutvalet skal innafor sine fullmakter styre arbeidet med dei opplæringsspørsmål som fylkeskommunen gjennom lovverket er ansvarleg for, og med andre spørsmål som gjeld kompetanseheving og kompetanseformidling i fylket.

Utvalet skal arbeide for å sikre målstyring og effektiv oppfølging og kontroll av verksemda i sektoren innafor dei rammer som økonomi og kravet til rettstryggleik set.

 

§ 3 Oppgåver og mynde

I tillegg til myndet som er lagt til utvalet i delegeringsreglementet gjeld følgjande:

A) Avgjerdsrett

Hovudutvalet gjer vedtak innan dei rammene og etter dei retningslinene som følgjer av lov, reglement eller vedtak i fylkestinget/fylkesutvalet. Det skal m.a.:

  • Styre forvaltninga av budsjetterte midlar på eigen sektor
  • Opprette komitear for å løyse tidsavgrensa oppgåver, jf. kommunelova § 10, nr 5 og 6. Komitear med lengre pårekna funksjonstid enn 2 år skal godkjennast av fylkestinget

B) Tilrådingsrett

Utvalet skal gje tilråding i følgjande saker:

  • Framlegg til årsbudsjett, økonomiplan og andre planar innafor utvalet sitt
    arbeidsområde
  • Skiping av faste utval, styre og liknande i sektoren

Hovudutvalet kan uttale seg i alle andre saker innan sin sektor.

C) Oppgåver elles

Hovudutvalet

  • er ansvarleg for godt planlagd, rasjonell og økonomisk organisering og drift av
    sektoren
  • skal velje eventuelt styre til fylkeskommunen sine undervisningsverksemder eller andre
    verksemder i sektoren der fylkeskommunen har valrett på representantar dersom
    valretten ikkje er lagd til andre organ
  • er fylkeskommunen sitt samarbeidsorgan med offentlege og private organ med
    same eller tilgrensande arbeidsområde
  • føre kontroll med at vedtak innan utvalet sitt arbeidsområde vert gjennomførte

D) Delegering

Hovudutvalet kan delegere til fylkesrådmannen å gjere vedtak innan nærare fastlagde rammer og retningsliner.

 

§ 4 Sekretariat

Fylkesrådmannen er ansvarleg for at sekretariatsfunksjonen vert utøvd på ein tilfredsstillandemåte, vanlegvis ved fylkesdirektøren. Fylkesdirektøren førebur sakene til utvalet på vegner av fylkesrådmannen og har ansvaret for at sakene er forsvarleg utgreidde, jf. kommunelova § 23, nr 2. Han syter også for at vedtaka vert sette i verk.

Sekretariatet i samråd med leiaren kan innkalle til møta i hovudutvalet personar som ein finn det ønskjeleg å rådføre seg med i einskilde saker.

 

§ 5 Sakshandsaming

For sakshandsaming i utvalet gjeld Reglement for sakshandsaming i politiske utval.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568