Reglement for fylkestrafikktryggingsutvalet

Vedteke av fylkestinget i sak nr 25/95, 45/03 og 33/15.

§ 1  – Val og samansetnad

Utvalet er eit underutval under hovudutvalet for samferdsle. Det skal vere fylkeskommunen sitt trafikktryggingsutval, jf fylkeskommunen sitt ansvar etter § 40a i vegtrafikklova for å tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktryggleiken i fylket.

Utvalet skal ha personsamanfall med hovudutvalet for samferdsle. Fylkestinget vel såleis medlemene til utvalet, under dette også leiaren og nestleiaren. Valet gjeld for den fylkeskommunale valperioden.

Det skal haldast eigne møte i trafikktryggingsutvalet.

Fylkesrådmannen har møte- og talerett i utvalet, jf kommunelova § 23, nr. 3. Retten kan utøvast av han personleg eller av ein av hans underordna.

Representantar frå etatar som arbeider med trafikktrygging (Vegvesenet, politi, skuleverk, Trygg Trafikk og andre) kan inviterast til å delta i møta i utvalet. Desse har talerett, men ikkje framleggs- og røysterett.

§ 2 – Arbeidsområde

Det politiske ansvaret for fylket sitt trafikktryggingsarbeid ligg hjå hovudutvalet for
samferdsle.

Trafikktryggingsutvalet skal vera rådgjevande for hovudutvalet samt ha vedtaksrett i dei
saksområde der dette er spesielt nemnd i dette reglementet.

§ 3 – Oppgåver og mynde

Trafikktryggingsutvalet skal:

a) Ta dei initiativ utvalet finn naudsynt, og samordne offentleg og frivillig trafikktryggingsarbeid i fylket. Trafikktryggingsutvalet har ansvar for utarbeiding av "Handlingsprogram for trafikktryggingsarbeidet i Sogn og Fjordane". Trafikktryggingsutvalet kan og gje fråsegner til andre planar som er viktig for trafikktryggleiken.

Utvalet kan krevje å få lagt fram kommuneplanar, reguleringsplanar, planar etter veglova, undervisningsplanar og andre planar der trafikktryggleiken er særleg viktig.

b) Gje fråsegn i saker som vert lagt fram for utvalet frå hovudutvalet og andre saker som er viktige for trafikktryggleiken.

c) Ta avgjerd i desse sakene: Fordeling av særskilde trafikktryggingsmidlar løyvd av fylkestinget (under teneste 7210 og 7211).

d) Stimulere og støtte det kommunale trafikktryggingsarbeidet.

e) Stimulere og støtte det frivillige trafikktryggingsarbeidet.

f) Ta opp andre saker som er viktig for trafikktryggleiken.

§ 4 – Sekretariat

Fylkesrådmannen er ansvarleg for at sekretariatsfunksjonen vert utøvd på ein tilfredsstillande
måte. Gjennom sams vegadministrasjon vil Statens vegvesen førebu saker for trafikktryggings­utvalet. Statens vegvesen kan i samråd med utvalsleiaren innkalle til møta i utvalet personar som ein finn det ønskjeleg å rådføre seg med i einskilde saker.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568