Reglement for fylkesrådet for eldre

Vedteke av fylkesutvalet i sak nr. 236/92 og revidert av fylkestinget i sak 18/15.

§ 1  Val og samansetnad

Eldrerådet skal ha fem medlemer med personlege varamedlemer.

Valretten ligg til fylkesutvalet.

Fleirtalet av rådsmedlemene skal vere alderspensjonistar i fylket.

Rådet vel sjølv leiar og nestleiar blant alderspensjonistane.

Fylkespensjonistforeiningar har rett til å kome med framlegg om medlemer.

Funksjonstida følgjer den fylkeskommunale valperioden.

Reglane om kjønnsbalanse i kommunelova § 36, nr. 2, inneber at kvart kjønn skal vere representert med minst to medlemer.

§ 2  Oppgåver

Eldrerådet er eit rådgivande organ for fylkeskommunen.

Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.

Eldrerådet skal i alle høve ha følgjande saker til handsaming: Årsbudsjett, langtidsbudsjett, fylkesplan, og eller sektorplanar som har særleg interesse for eldre. Plikta til medverknad vil såleis gjelde tiltak og planar i sosial- og helsesektoren, samferdslesektoren og kommunikasjonsplanar, kulturtiltak og andre fylkeskommunale tiltak som vedkjem eldre.

Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket.

§ 3 Møta

a) Rådet held møte når leiaren finn det naudsynt eller minst to av medlemene ber om det.

b) Innkalling skal skje med minst seks dagars varsel. Saksdokumenta skal vanlegvis sendast ut saman med innkallinga.

c) Rådet kan gjere vedtak når minst halvparten av medlemene er til stades. Står røystene likt, er møteleiaren si røyst avgjerande.

d) Alle saksdokument skal leggjast fram for rådet i god tid før fylkestinget skal handsame sakene. I dei tilfella sakene skal avgjerast i fylkesutvalet, hovudutvala, styre eller råd, må eldrerådet ha saksdokumenta til handsaming før vedkomande organ handsamar saka. Målsetjinga er at eldrerådet si fråsegn skal vere kjend ved handsaminga i hovudutvalet.

e) Det skal førast møtebok frå møta. Utskrift av møteboka skal sendast medlemene, varamedlemene og fylkesrådmannen. Protokollen skal følgje saksdokumenta til folkevalde organ som tek endeleg avgjerd i saka.

f) For øvrig gjeld reglane i kommunelova for rådet.

§ 4 Økonomi

Rådet disponerer eige budsjett til dekking av møte- og reiseutgifter og andre driftsutgifter.

Medlemene skal ha godtgjering for arbeidet i rådet i samsvar med Regulativ for folkevalde. Reise- og opphaldsutgifter vert dekka etter det kommunale reiseregulativet.

§ 5 Sekretariat

Fylkeskommunen held sekretariat for rådet, eventuelt som felles sekretariat med andre råd.

§ 6 Årsmelding

Rådet utarbeider kvart år ei årsmelding om aktiviteten sin. Meldinga skal leggjast fram for fylkestinget.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568