Illustrasjon med fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.
Illustrasjon med fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.

Regionreforma – vegen vidare

Sogn og Fjordane og Hordaland har sagt ja til ein sterk vestlandsregion og møtest på nyåret til nye forhandlingsmøte.

Utgangspunktet for Vestlandsregionen var intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Fylkestinget i Rogaland vedtok at fylket skal halde fram som eigen region inntil vidare, medan dei to andre vil gå vidare med regionplanane.

Plan B

Så kva skjer då? Fylkestinga i både Sogn og Fjordane og Hordaland skisserte ein plan B, som går ut på nye forhandlingar mellom dei to fylka. Desse er no tidfesta til 16. og 17. januar 2017. Då møtest forhandlingsutvala i Bergen.

Forhandlingsutvala er dei same som dei som forhandla fram intensjonsplanen, som vart underteikna i september i år.

Inviterer med Møre og Romsdal

Fylkestinget i Sogn og Fjordane opnar også for å invitere Møre og Romsdal med i dei nye forhandlingane. Fylkesordførar Jenny Følling har sendt brev til fylkesordførar Jon Aasen, der ho sonderer moglegheitene for dette.

Fylkestinget i Hordaland er positive til at kommunar i Nord-Rogaland også kan bli del av ein stor Vestlandsregion, dersom dei ønskjer dette.

Ber om utsett frist

Fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun har sendt brev til Stortinget og bede om å få nytte januar 2017 for å avslutte prosessen med eventuelle strukturendringar for fylkeskommunane. Den opphavlege planen, då kommunal- og moderniseringsministeren bad fylka ta «nabopraten» med sikte på å gjere slike vedtak, var at fylkeskommunane skulle avklare dette i løpet av hausten 2016.

Dei fylkesordførarane orienterer også ministeren om at dei no undersøkjer moglegheitene for ein ny region på Vestlandet.

Stortingsvedtak i juni 2017

Regjeringa ønskjer å halvere talet på fylkeskommunar, og det er også fleirtal for dette i Stortinget.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal leggje fram ein stortingsproposisjon om både region- og kommunereforma våren 2017. Målet er at Stortinget skal gjere endeleg vedtak i juni 2017 og då bestemme kvar dei eventuelt nye kommune- og region-/fylkesgrensene skal gå.

Dei eventuelle nye regionane som blir vedtekne, trer i kraft i januar 2020. Tida fram til då skal brukast til å førebu alle sider av samanslåinga.

Vedtaka

Fylkestingsvedtak frå Sogn og Fjordane 7. desember.

Fylkestingsvedtak frå Rogaland 13. desember.

Fylkestingsvedtak frå Hordaland 14. desember.

Regionreforma

Du kan lese meir om prosessen med regionreforma på Vestlandet her.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
479 05 990
jenny.folling@sfj.no

Ole Inge Gjerald
seniorrådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
408 57 025
ole.inge.gjerald@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713