Foto av fylkesrådmann Tore Eriksen på kontoret. Han blar i eit dokument, og på veggen bak han ser vi tre tidlegare fylkesrådmenn.
Foto av fylkesrådmann Tore Eriksen på kontoret. Han blar i eit dokument, og på veggen bak han ser vi tre tidlegare fylkesrådmenn.

Fylkesrådmann Tore Eriksen er med i ekspertutvalet som skal vurdere oppgåver til dei nye fylkeskommunane. (Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Regionreforma – Sogn og Fjordane med i ekspertutvalet

Fylkesrådmann Tore Eriksen er med i ekspertutvalet regjeringa har sett ned til å vurdere fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane.

Stortinget vedtok 8. juni den nye fylkesstrukturen, som delar Noreg inn i elleve fylkeskommunar frå 1. januar 2020. Med denne strukturen på plass, skal ekspertutvalet føreslå oppgåver som kan

  • styrke samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane
  • gi ei meir brukarnær forvaltning
  • sikre offentleg ressursbruk
  • betre tenestene for innbyggarar og næringsliv

Fjør i hatten

Fylkesordførar Jenny Følling meiner det positivt for Sogn og Fjordane at Eriksen er med i ekspertutvalet – som einaste fylkesrådmann.

– Dette er ei fjør i hatten for fylkeskommunen, og det arbeidet vi har gjort med regionreforma så langt. Vi har gjennomført forhandlingar med fleire fylke og har ein vedteken intensjonsplan om samanslåing med Hordaland, seier Følling.

 Eriksen sjølv ser fram til å ta fatt på arbeidet.

– Det er eit breitt samansett utval. Her har regjeringa samla medlemmar med både praktisk og forskingsbasert kompetanse. At fylkeskommunen er representert, er svært positivt. Det er vi som veit kvar skoen trykker, vi som jobbar dagleg med oppgåver og utfordringar for det regionale folkevalde nivået, seier han.

Samansetjinga til ekspertutvalet

Heile ekspertutvalet ser slik ut:

  • Professor Terje P. Hagen (Universitetet i Oslo) – leiar
  • Førsteamanuensis Jon P. Knutsen (Universitetet i Agder)
  • Professor Anne Lise Fimreite (Universitetet i Bergen)
  • Forsker I Gro Sandkjær Hansen, Oslo (Høgskolen i Oslo og Akershus)
  • Pensjonist, tidlegere avdelingsdirektør i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Christine Hjortland
  • Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen
  • Pensjonist, tidlegere fylkesmann i Troms, Svein Ludvigsen

Utvalet skal avslutta arbeidet sitt innan 1. februar 2018.

Les meir om ekspertutvalet på nettsidene til regjeringa.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713