Kart over vestlandet
Kart over vestlandet

Regionreforma hausten 2016

Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar har arbeida fram ein intensjonsplan for ein ny Vestlandsregion som no vert handsama politisk.

Regjeringa ønskjer seg større regionar innan 2020, og Sogn og Fjordane fylkeskommune drøftar i haust samanslåing med to av vestlandsfylka. Første steg er ein intensjonsavtale.

På møtet 14.-15. september i Førde vart intensjonsplanen signert av dei tre fylkesordførarene. 18. oktober vedtok fylkestinget å legge planen ut på høyring. 

Nyhendesak: Intensjonsplan til høyring

Intensjonsplanen som vart forhandla fram vil danne grunnlaget for eventuell etablering av ein ny Vestlandsregion beståande av dei tre fylka.

Drøftingane skjer etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune tok initiativ til «naboprat» tidlegare i år.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i juli å forhandle med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar om ein intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane innan 1. januar 2020. I tillegg har fylkesordføraren sonderingsmøte med Møre og Romsdal.

Med regionreforma ønskjer regjeringa å skipe om lag ti nye folkevalde regionar i staden for dagens fylkeskommunar. Vestlandsfylka stiller seg bak krav om overføring av nye og tunge samfunnsoppgåver for å slå seg saman til ein vestlandsregion. Dei er samde om at regionreforma må vere ei reell demokrati- og desentraliseringsreform, med større ansvar til nye regionar.

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har oppretta ei politisk styringsgruppe og eit forhandlingsutval som møter i intensjonsplanforhandlingar utover hausten.

Vegen så langt

Juni 2014:
• Stortinget ber om gjennomgang av oppgåvene til fylkeskommunane parallelt med kommunereforma.
Mars 2016:
• Fylkesordførarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland sender brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med krav om fleire oppgåver.
• Dei tre fylka møtes til «naboprat».
April 2016: 
• Regjeringa legg fram melding til stortinget om nye regionar.
• Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vedtek å etablere ei politisk styringsgruppe og eit forhandlingsutval for vidare drøftingar om intensjonsplan med dei andre fylka.
Mai 2016:
• Open høyring om regionreforma i kommunal- og forvaltningskomiteen.
Juni 2016:
• Kommunal- og forvaltningskomiteen legg fram innstilling om nye folkevalde regionar – rolle, struktur og oppgåver.
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek at fylkeskommunen forhandlar med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar for å kome fram til ein felles intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane innan 01.01.2020.
• Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har sonderingsmøte
August og september 2016:
• Intensjonsplanforhandlingar:
Møte 1: Bergen, 18.-19. august
Møte 2: Stavanger, 1.-2. september
Møte 3: Førde, 14.-15. september
• Møre og Romsdal fylkeskommune held avklaringsmøte med Sør-Trøndelag og Oppland

Vegen vidare

Oktober 2016:
• Fylkestinga i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland får intensjonsavtale til godkjenning.
Desember 2016:
• Eventuelt vedtak om samanslåing
Våren 2017:
• Proposisjon frå regjeringa om nye oppgåver og roller våren 2017
• Proposisjon frå regjeringa med forslag til ny regional struktur
Januar 2020:
• Nye regionar og kommunar trer i kraft

Tidlegare saker om regionreforma:

Kontaktpersonar

Jenny Følling
fylkesordførar Sogn og Fjordane
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Anne Gine Hestetun
fylkesordførar Hordaland
995 64 643

Solveig Ege Tengesdal
fylkesordførar Rogaland
907 22 027

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut