Fotocollage med fire bilete. Det eine viser to små ungar utanfor ein smal tunnel, det andre syklistar og bilar i eit bybilete, det tredje er utsikt frå ei ferje mot ferjekaien på Anda og det siste syner ungdomar som er passasjerar i ein buss.
Fotocollage med fire bilete. Det eine viser to små ungar utanfor ein smal tunnel, det andre syklistar og bilar i eit bybilete, det tredje er utsikt frå ei ferje mot ferjekaien på Anda og det siste syner ungdomar som er passasjerar i ein buss.

Foto tunnel og ferje: Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto buss: A til Å Grafisk design og media. Foto syklist: Miljøpakken.

Regional transportplan 2018–2027

Fylkestinget vedtok Regional transportplan 2018–2027 i desember 2017. Transportplanen er fylkeskommunen sin langsiktige strategiplan for utvikling av transportsektoren i Sogn og Fjordane.

 

Regional transportplan 2018–2027 består av eit kunnskapsgrunnlag som ser på utviklingstrekk og framtidige utfordringar innan samferdsleområdet og transportsektoren. I tillegg har Regional transportplan 2018–2027 eit plandokument inkludert eit 4-årig handlingsprogram med oversikt over planlagde investeringar i perioden. Gjennom plandokumentet kjem fylkeskommunen sin langsiktige regionale transportpolitikk til uttrykk. Plandokumentet med handlingsprogram er basert på kunnskapsgrunnlaget og den langsiktige nasjonale og regionale transportpolitikken.

I regional transportplan 2018–2027 er det også utarbeidd ein gå- og sykkelstrategi for å fremje gåing og sykling i Sogn og Fjordane. Denne strategien er også eit ledd i målsetting om å redusere biltrafikken i tettstadane i fylket og dermed redusere klimagasutslepp frå biltransporten.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00