Foto av ei kvinne og ein mann som står ved kjøkendisken og ser og peiker på skjermen på ein bærbar pc. Dei smiler.
Foto av ei kvinne og ein mann som står ved kjøkendisken og ser og peiker på skjermen på ein bærbar pc. Dei smiler.

Foto: Energiportalen

Reduser straumrekninga med Energiportalen

Tenesta Energiportalen er no tilgjengeleg for alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Det betyr blant anna at du kan få gratis estimering av energibruken i huset ditt.

Det har den siste tida vore uvanleg høge straumprisar i Noreg, noko som ser ut til å vare. Vi må tilbake til vinteren 2010–2011 for å finne like høge strømprisar. Sjølv om prisane er avhengige av mellom anna nedbør og utetemperatur, kan du også gjere eigne tiltak for å få redusere straumrekninga.

Finn tiltaket som passar din bustad

No har Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøpt tilgang til tenesta Energiportalen for alle innbyggjarane i fylket. Det betyr at alle kommunane har fått sin eigen energiportal, som du kan bruke gratis, for å finne det energitiltaket som passar best i bustaden din.

Tenesta viser kor mykje du kan redusere straumkostnadane ved ulike energitiltak i huset ditt. Tenesta gir også oversikt over dei nærmaste leverandørane.

– Dette er del av oppfølginga av den fylkeskommunale klimaplanen. Målet er at vi alle skal redusere og effektivisere energibruken i bygga våre. Vi håpar så mange som mogleg av innbyggjarane i Sogn og Fjordane nyttar tenesta, noko som kan kome både miljøet og deira eiga lommebok til gode, seier klimarådgjevar i fylkeskommunen, Ida-Beate Mølmesdal.

Mange moglegheiter

Dersom du går inn på energiportalen.no og tastar inn adressa di, får du opp eit estimat for straumbruken og straumkostnadane for din bustad per år. Du kan også leggje inn eventuelle energitiltak du alt har installert i bustaden, for å få eit meir nøyaktig estimat.

Lenger nede i tenesta kan du simulere ulike energitiltak i bustaden. Det kan vere for eksempel installasjon av stor vatn-vatn-varmepumpe, stor vedomn, nye vindauge og etterisolering av veggar, golv og tak. Du kan då sjå kva som løner seg mest for din individuelle bustad.

Nedst i tenesta får du ei liste over tiltaksleverandørar i geografisk nærleik til bustaden din, som du kan kontakte for tilbod og installasjon. Du kan også å snakke med ein energirådgjevar på telefon og få råd om tiltak og moglegheiter for støtte frå Enova.

Meir informasjon på energiportalen.no.

Du kan også ringje gratis til ENØK-telefonen på 472 22 076.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut